Innsyn er oppe igjen

Postlister, møteplan og Innsyn er nå tilgjengeleg igjen. Dei tekniske feila er retta. 

Pakkeforløp psykisk helse og rus

Pakkeforløp psykisk helse og rus

Pakkeforløp
Helsedirektoratet har innført begrepet pakkeforløp som er nasjonalt bestemte og beskrivne standardforløp for undersøkingar og behandlingar for bestemte diagnosar, med faste forløpstider. Målet er å bidra til rask utredning og behandlingsstart utan unødvendig ventetid.

Pakkeforløp skal bidra til gode, koordinerte og sammenhengande tenester til brukar.
Dei skal sikre samhandling mellom brukar, ev. pårørande, fastlege, spesialisthelsetenesta, kommunale helse- og omsorgstenester og andre relevante aktørar.

Pakkeforløpa blir innført trinnvis frå 1.januar.

Dei første pakkeforløpa som blir tatt i bruk er:

  • Pakkeforløp for utredning og behandling i psykisk helsevern, barn og unge
  • Pakkeforløp for utredning og behandling i psykisk helsevern, vaksne
  • Pakkeforløp for tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB)

I tillegg finst det anbefalingar som gjeld ivaretaking av somatisk helse og levevanar ved psykiske lidingar og/ eller rusmiddelproblem.

Frå 15.februar blir det trappa opp med følgande pakkeforløp:

  • Mistanke om psykoseutvikling og psykoselidingar hos barn, unge og vaksne
  • Spiseforstyrrelsar hos barn og unge
  • Tvangslidingar (OCD)

Henvising til pakkeforløp

Pakkeforløpet startar i kommunen / hos fastlege når henvisninga sendes blir sendt. Spesialisthelsetenesta vurderer henvisninga.
Dersom pasienten ikkje får innvilga rett til helsehjelp blir pakkeforløpet avslutta.

Det er fastlege og barnevern som kan henvise til desse forløpa.

Kva er hensikta med eit pakkeforløp?

Pakkeforløp skal gi deg som pasient eller pårørande eit behandlingsløp som er heilheitleg og forutsigbart, utan unødig ventetid.
Du skal få meir innverknad på behandlinga, og behandlinga skal evaluerast systematisk undervegs.
Forløpa skal også sikre likeverdig tilbod til deg som pasient og pårørande uavhengig av kvar i landet du bur.

Det vil vere ein forløpskoordinator både i kommunen og i spesialisthelsetenesta.

Forløpskoordinator

Kommunen skal sikre nødvendig oppfølging både før, under og etter pakkeforløp.
Forløpskoordinatoren skal vere med og sikre at utgreiing, behandling og oppfølging er individuelt tilpassa og skjer utan unødig ventetid.

For personar som allereie har ein koordinator/fagperson med tett relasjon i kommunen, er det naturlig at denne blir forløpskoordinator.

Det vil vere forløpskoordinatorar i både kommune og spesialisthelseteneste.

Oppgåver for forløpskoordinator i kommunen:

  • informere, rettleie og gi råd til pasient og/ eller foreldre om pakkeforløp psykisk helse og rus
  • samarbeide med forløpskoordinator i spesialisthelsetenesta
  • sikre heilheitleg oppfølging med utgangspunkt i pasient/brukar sine mål, ressursar og behov
  • sikre god samhandling mellom aktørane i helsetenesta, samt andre relevante tenesteytarar
  • sikre samordning av tenestetilbodet
  • initiere, innkalle og eventuelt lede møte knyta til koordinering og eventuell individuell plan
  • følge opp, evaluere og oppdatere individuell plan
  • forberede og koordinere aktuelle tiltak/tilbod i kommunen i god tid før utskriving, mellom planlagde opphald og under poliklinisk behandling

Kommunale ressursar

Eksterne ressursar

Til toppen