Innsyn er oppe igjen

Postlister, møteplan og Innsyn er nå tilgjengeleg igjen. Dei tekniske feila er retta. 

Oppfølgingsteneste - rus/ROP

Oppfølgingsteneste rus/ROP

Oppfølgingstenesta for rus/ROP (samtidige rus- og psykiske problem) har som mål å fremme aktiv deltaking frå brukarar som mottar tenester, der rusmeistring og somatisk og psykisk helse er i fokus.

Tilbod

Oppfølgingstenesta kan tilby:

  • lavterskel rusoppfølging på dagtid, nokre stader i kommunen også på kveld og i helgar
  • skadereduserande tiltak og smitteverntiltak med utlevering av brukarutstyr
  • samarbeid og samhandling med andre kommunale instansar og spesialisthelsetenesta
  • likepersonsamtalar med erfaringskonsulentar innan rusavhengigheit og for pårørande.
  • å opprette, koordinere og delta i ansvarsgrupper
  • ettervernstiltak der koordinering av tenester ved bruk av individuell plan er viktige verktøy, i tillegg til å utarbeide kriseplan


Korleis tar eg kontakt?

Du kan ta direkte kontakt med oppfølgingstenesta Rus/ROP på mobil 991 07 882. 
I tillegg kan du ta kontakt med avdelingsleiar på mobil:

  • Avdeling Sentrum: 975 96 206
  • Avdeling Nordre: 995 87 760
Til toppen