Oppfølgingsteneste psykisk helse og rusOppfølgingstenesta for rus/ROP (samtidig rus- og psykiske vanskar) har som mål å fremme aktiv deltaking frå brukarar som mottar tenester der rusmeistring, somatisk og psykisk helse er i fokus. Tilbod Oppfølgingstenesta kan tilby: lavterskel rusoppfølging på dagtid, nokre stadar i kommunen også på kveld og i helgar. skadereduserande tiltak og smitteverntiltak med utlevering av brukarutstyr. samarbeid og samhandling med andre kommunale instansar og spesialisthelsetenesta likepersonsamtalar med erfaringskonsulentar innan rusavhengigheit og for pårørande. å opprette, koordinere og delta i koordineringsmøter. bruk av verktøy som individuell plan og kriseplan. Ønsker du å ta kurs ? Vi tilbyr digitale sjølvhjelpskurs i meistring av rusutfordringar. Til dette nyttar vi Trigga.no, ein nettbasert kursportal som er laga for å gi hjelp til personar som slit med avhengigheit, eller står i fare for å utvikle eit rusproblem. Portalen inneheld modular med faginnhold, verktøy, metodar og teknikkar som kan være nyttig om du ønskjer å gjere endringar i livet ditt. Du kan få rettleiing undervegs. Her finn du kursa (Trigga.no) Før du får tilgang til kursa på Trigga.no må du gjennom ei kartlegging som kan takast på telefon eller ved oppmøte. Ta kontakt måndag til fredag mellom kl. 09.00 – 15.00 med vår sosionom: Line Borgen Korleis tar eg kontakt? Du kan ta direkte kontakt med oppfølgingstenesta Rus/ROP på mobil 99 10 78 82. Avdelingsleiar sentrum, Anne Marie Aasen Avdelingsleiar nordre, Tove Sønderland Ansvarleg for tenesta Psykisk helse og rus Sist endra 03.05.2023 11.30