Våre erfaringskonsulentar i kommunen hjelper til med mellom anna faste samtalar, sporadiske pratar, heimebesøk, bistand med søknadar til NAV/fastlege eller liknande, og kan kome med gode råd til deg som sit i ein lik eller liknande situasjon som det dei sjølv gjorde ein gong i tida.
Vi kallar det "likepersonsamtalar". Her er det ingen rapportering, og ingenting blir sagt vidare - korkje til politi eller anna myndigheit. Du kan føle deg heilt trygg på at du kan dele absolutt alt - også det du elles ikkje kjenner deg trygg på å snakke opent om.
Dersom du treng å snakke med nokon som veit korleis det kjennes å vere avhengig av rusmiddel, eller om du treng konkrete råd til kva du kan gjere vidare i din situasjon, ta kontakt med oss så finn vi ut av det saman.
Kontakt:
Avdelingsleiar Anne-Marie Aasen vil vidareføre kontakta mellom deg og erfaringskonsulenten.
Telefon: 975 96 206
E-post: anne.marie.aasen@alesund.kommune.no