Innsyn er oppe igjen

Postlister, møteplan og Innsyn er nå tilgjengeleg igjen. Dei tekniske feila er retta. 

Dagtilbod - aktivitetar

Dagtilbod - aktivitetar

Skansen aktivitet, Ålesund

Skansen aktivitet er eit dagtilbod for deg med psykiske helseplager. Her kan du delta i meiningsfylte aktivitetar, oppleve meistring og vere delaktig i drifta og planlegginga.

Er du til dømes glad i å gå tur? Lage mat? Handarbeid? Spele fotball, TV- eller brettspel - eller å skravle over ein kaffekopp?

Her er det stor takhøgde og lett å stikke innom; du treng ikkje henvisning frå verken lege eller andre for å kome hit. Det kan imidlertid være lurt å gjøre en avtale før tek turen fyrste gongen. Det gjer du enkelt ved å ta kontakt med oss på Facebook, sende ein e-post eller ved å ringe.

Velkomen skal du vere!

Åpningstider:

09.30 – 15.30

Adresse:

Sorenskriver Bullsgate 17, 6002 Ålesund

Kontakt

Oasen dagsenter

Oasen Dagsenter er ein sosial møteplass for menneske over 18 år, som har eller har hatt psykiske vanskar/ lidingar og som har behov for å vere saman med andre.
Her møtest vi i ei trygg og open atmosfære, og driv ulike aktivitetar med dei ressursane og interessene vi har. Det er viktig at  tilbodet blir tilpassa deltakarane sine behov og interesser, slik at det gir meining og er stimulerande å vere her. 

Kva kan vi tilby?

Vi har dagsplanar der vi mellom anna:

  • Lagar eit felles måltid saman
  • Har tema/undervisning ut ifrå deltakarane sine ønske
  • Har varierte hobbyaktivitetar
  • Drar på turar ut
  • Tilbyr individualsamtale/oppfølging

Kvar finn du oss?

Oasen dagsenter held til i Dalevegen 20 i Brattvåg
Opningstider:

  • Onsdagar: kl 10:00-14:30 - For deltakarar over 35 år.
  • Torsdagar: kl 10:00-15:00 - Aktivitetsgruppe for unge vaksne mellom 18-35 år.
  • Fredagar: kl 10:00-14:30 - For deltakarar over 35 år.

Korleis ta del?

Dersom du vil ta del i dagtilbodet kan du sjølv ta kontakt og avtale å komme på besøk. Du får prøve ut tilbodet for å sjå om dette er noko for deg, før du søker om plass. Etter at du har søkt får du eit vedtak der du blir tildelt faste dagar.

Kontakt:

Oasen dagsenter
Telefon : 70 20 93 20

Ut på garden, Brattvåg

"Ut på garden" er eit arbeids-/aktivitetstilbod med garden som utgangspunkt. Ønskjer du deg ein meir meiningsfull kvardag, med frisk luft og arbeid utandørs som sentrale stikkord? Har du lyst på noko fast å gå til, på enkelte dagar i veka? Vil du vere blant hester, og gjøre ein viktig jobb for å sikre dyrs ve og vel? 

Tilbodet har høg fleksibilitet med tanke på deltakarane sine ønsker og behov, og målet er å legge til rette for meistringsopplevingar. For mange kan dette vere første steg over i andre arbeidstiltak eller tilbake til arbeid. For andre kan det vere ein stad å treffast og gjere noko meiningsfullt ilag med andre.

Vil du vere med? Ring oss på telefon: 975 01 329 for å gjere ein uforpliktande avtale.

Korleis søke:

Du søker om Helse og omsorgstenester

Brannstasjonen aktivitet, Skodje

Eit aktivitetstilbod som ligg vis a vis brannstasjonen på Skodje. Her kan folk som har lyst til å komme innom sette seg ned. Ein kan gjerne ta med seg eit handarbeid og gjere ting saman medan praten går. Dei som kjem innom får gratis kaffi og betaler litt for lunsj. Alle er velkomne, og ein kan vere på aktiviteten lang eller kort tid. Aktiviteteten er open måndag og torsdag frå kl. 10.00 – 15.00.

Aktivitetstilbodet er eit samarbeid mellom Ålesund kommune og Mental Helse Skodje/Ørskog.

Kontakt

Til toppen