Oasen aktivitet er ein sosial møteplass for menneske over 18 år, som har eller har hatt psykiske vanskar/ lidingar og som har behov for å vere saman med andre.
Her møtest vi i ei trygg og open atmosfære, og driv ulike aktivitetar med rom for bruk av eigne ressursar.
Kva kan vi tilby?
Vi har planar for kvar dag der vi mellom anna:
- Lagar eit felles måltid saman
- Har varierte hobbyaktivitetar både inne og ute
- Drar på turar ut
Kvar finn du oss?
Oasen aktivitet held til i Dalevegen 20 i Brattvåg.
Opent alle kvardagar kl. 10 - 15.
Korleis ta del?
Dersom du vil ta del i dagtilbodet kan du sjølv ta kontakt og avtale å komme på besøk. Følg vår Facebook-side for meir informasjon om aktivitetar.
Kontakt
Oasen aktivitet
Telefon: 70 20 93 20