Pårørandeskole

Pårørandeskole

Pårørandeskole er eit kurstilbod til deg som har ein familiemedlem eller ein nær ven med demenssjukdom.

Demens utviklar seg over lang tid og fører ofte til store kjenslemessige og praktiske utfordringar for heile familien.

Gjennom undervisning og møte med fagpersonar med kompetanse på området får du kunnskap om demens og informasjon om kommunen sine tenester. Du kan også møte andre pårørande og utveksle erfaringar.

Sjå brosjyre for pårørandeskolen (PDF, 264 kB)

Innhald i kurset

  • Kva er demens? Symptom, utredning, forløp og behandling
  • Juridiske forhold ved demenssjukdomar
  • Kommunikasjon og samhandling
  • Velferdsteknologi
  • Pårørande sine erfaringar
  • Tenester og tilbod for familiar som er råka av demens

Mål for pårørandeskolen

  • Auke kunnskap og forståing om demenssjukdommane
  • Å betre kvaliteten på samveret, både heime og i institusjon

Pårørandeskole hausten 2021

Pårørandeskolen er gratis og går over 6 kveldar på hausten.
Kurset vert arrangert i samarbeid med Ålesund demensforening med stønad frå Helsedirektoratet.

Stad: Volsdalen menighetshus. Borgundvegen 124, 6007 Ålesund

Tid: Klokka 18.00 til 20.00

Påmelding: Innan mandag 27. september. Ring Innbyggartorget på tlf. 70 16 20 00.

Informasjon: Ta kontakt med demensteamet i Ålesund kommune: Tlf. 70 16 30 51.

Ansvarleg for tenesta

Til toppen