Dei aller fleste er pårørande ein eller annan gong i løpet av livet. Mange klarer seg utan hjelp frå det offentlege, men for nokre kan det vere vanskeleg å orientere seg om tilbod og tenester. Andre har behov for emosjonell støtte i ein krevjande situasjon og kan ha nytte av støttesamtalar og å få hjelp til å sortere tankar og følelsar.
Kva gjer ein pårørandekoordinator?
Pårørandekoordinator bidrar til å utvikle og styrke kommunen sin pårørandeomsorg gjennom:
- Identifisering og kartlegging av pårørande sine behov.
- Informasjonsarbeid rundt pårørande sine behov internt og eksternt.
- Oversikt over tilbod og tenester retta mot pårørande.
- Representasjon av kommunen i ulike fora.
- Bidrag i utviklingsarbeid retta mot pårørande
- Undervisning, rettleiing og kompetanseheving til tilsette i kommunen.
- Barn som pårørande
- Kurs, grupper
- Meistringskurs for etterlatne
Korleis kan pårørandekoordinatoren hjelpe?
Pårørandekoordinator er ein ressurs for kommunen sine tilsette, pårørandeorganisasjonar, frivillige og andre samarbeidspartar.
Kontakt
Sist endra 10.06.2022 10.04