Pårørande ved kreft

Pårørande ved kreft

Å leve tett innpå nokon som slit med sjukdom, er krevjande. Roller blir endra, kvardagslivet sine rutinar blir forandra og samspelet mellom dykk blir utfordra. Som pårørande vil du støtte og hjelpe den som er sjuk, men samtidig skal resten av familien takast vare på og både den som er sjuk og resten av familien treng at du har fokus på deg sjølv og di helse.

I ein slik situasjon kan det være nyttig å snakke med andre som kan gi faglege råd eller som har vore i same situasjon.

I Ålesund har vi kreftkoordinatorar som du kan kontakte for å få hjelp.

I samarbeid med den andre i kreftomsorga i kommunen, skal kreftkoordinator sikre:

  • Rådgiving og informasjon til befolkninga:
    Førebygging og helseopplysning
  • Heilskapleg omsorg:
    Kreftkoordinator skal vere til hjelp for å koordinere og tilrettelegge kvardagen til kreftramma og deira pårørande.
  • Ei samanhengande teneste der bistand og oppfølging frå ulike etatar er samkøyrde:
    Kreftkoordinator skal bidra til gode rutinar og system for kreftomsorg i kommunen.
  • God kompetanse blant helsepersonell som arbeider med kreftomsorg:
    Kreftkoordinator skal bistå med undervisning, rettleiing, refleksjon.

Kreftkoordinator kan bidra med:

  • Samtalar, råd og rettleiing til pasientar og pårørande
  • Oversikt over relevante tilbod og tenester
  • Førebyggande tiltak og opplysning om kreft
  • Sorgarbeid og oppfølging av etterlatne
  • Undervisning, råd og rettleiing til helsepersonell

Kontaktinformasjon kreftkoordinator:

Grete Myklebust Gjesdal
Grete.Iren.Myklebust.Gjesdal@alesund.kommune.no
Tlf 70 16 28 11 / 409 24 712

Fredagskafé for Ålesund og omegn

Fredagskaféen er et tilbod til kreftramma og pårørande. Her kan du få informasjon om aktuelle tilbod, utveksle erfaringar, få råd, tips og rettleiing, ein god samtale, og kanskje knytte kontakter med andre. Kaféen blir arrangert første fredag kvar månad på Frivilligsentralen i Kirkegt 33.
Facebook: Fredagskafé for Ålesund og omegn

Til toppen