Omsorgsstønad

Omsorgsstønad

Omsorgsstønad kan bli gitt til deg som har eit særleg tyngande omsorgsarbeid for funksjonshemma barn eller vaksen med store pleiebehov. Omsorgsarbeidet må gå føre seg i eigen heim. Målet er at familien kan fortsette å ha omsorga for sine nærmaste.  

Omsorgsstønad er eit fast beløp kvar månad som gir ei godtgjersle for nokre av timane du brukar på pleie- og omsorgsarbeid i heimen.

Krav til søkar

  • Den pleietrengande må bu heime.
  • Omsorgsarbeidet må vere vurdert som særleg tyngande og gjelde nødvendige oppgåver.
  • Dersom du ikkje allereie har fått innvilga hjelpestønad frå NAV må du søke om dette samtidig.  

Tildelingskontoret vil vurdere om dette er det beste tiltaket, eventuelt saman med andre hjelpetiltak.

Det er berre oppgåver som er rekna som nødvendige helse- og omsorgstenester som inngår i vår vurdering av om du kan få omsorgsstønad. Det vil seie at om du ikkje hadde gjort oppgåva, så ville kommunen ha gitt tenesta. Mange gir omsorg til sine næraste, utan at dette nødvendigvis blir definert som “særleg tyngande”.

Når vi skal vurdere om omsorgsarbeidet er særleg tyngande, legg vi blant anna vekt på:

  • kor mange timar du gir omsorg
  • om arbeidet du gjer er meir fysisk eller psykisk belastande enn det som er vanleg
  • om du gir mykje omsorg om natta og dermed misser nattesøvnen
  • korleis omsorgsarbeidet ditt er fordelt over tid
  • kor lenge omsorgsarbeidet har vart, eller er venta å vare
  • om du på grunn av omsorgsarbeidet blir sosialt isolert og at du ikkje kan ta ferie eller delta på fritidsaktivitetar sjølv
  • om du har omsorg for meir enn éin person
  • om du har omsorgsplikt for den du gir omsorg til, altså om det er ditt mindreårige barn
  • om du taper inntekt som følge av omsorga du gir

Slik søker du

Du fyller ut søknadsskjema for helse- og omsorgstenester. Det er Tildelingskontoret som vurderer søknaden. Dersom det er behov for det besøker vi deg heime. Deretter gjer vi ei vurdering av kor mange arbeidstimar i veka du eventuelt kan få godtgjersle for.

Omsorgsgivar sine rettar og plikter

Den som får tildelt omsorgsstønad får i ein tidsavgrensa periode stønad etter lågaste lønnstrinn for heimehjelp for eit avgrensa tal timar per månad. Det blir ikkje gitt omsorgsstønad for tidsrommet før søknaden.

Omsorgsgivar som har alders- eller uførepensjon, kan ikkje bli tildelt større omsorgsstønad enn den inntekta som folketrygda til ei kvar tid fastset at pensjonistar og uføre kan få utan trekk i pensjonen.

Omsorgsstønad skal innmeldast som ordinær skattepliktig inntekt.

Følgande forhold gjeld for avtalen mellom omsorgsgiver (den som mottek omsorgslønn) og Ålesund kommune:

  1. Omsorgsgivarar kan ikkje betraktast som vanlege kommunale arbeidstakarar og har difor ikkje krav på feriepengar. Det blir gitt godtgjersle i maksimalt 12 månader av gangen.
  2. Omsorgsgivarar har ikkje rett til sjukepengar. Ved sjukdom blir vedkommande vist til trygdekontoret og reglane i folketrygda som gir rett til sjukepengar frå folketrygda frå og med den 17. sjukedagen. Dersom omsorgsgivar blir sjuk, må heimetenesta/verksemd for barn og unge få beskjed om dette.
  3. Omsorgsgivar plikter å gi melding til heimetenesta/verksemd for barn og unge dersom dei forholda som er lagt til grunn for tildeling av omsorgsstønad fell bort før utløpet av avtalt tildelingsperiode.
  4. Omsorgsgivar pliktar å halde heimetenesta/verksemd for barn og unge informert om eventuelle periodevise opphøyr av omsorgsarbeidet, f.eks. ved innlegging på sjukeheim/sjukehus. I slike tidsrom blir omsorgstønaden midlertidig stoppa.

Omsorgsgivarar som har fått tildelt omsorgsstønad utover seks månader, vil få fast løn den 12. i kvar månad.

Omsorgsgivar kan på nokre vilkår ha rett til tre pensjonspoeng etter lov om folketrygd. Dersom det blir kravd pensjonspoeng for omsorgsarbeid, må kravet fremjast direkte til NAV. Slikt krav kan berre settast fram etter at omsorgsarbeidet har blitt utøvd i meir enn seks månader i det aktuelle året. Nærare opplysningar om dette kan ein få ved å kontakte NAV.

Til toppen