Meistringskurs for vaksne etterlatneHar du mista ein av dine næraste, og treng hjelp til å komme vidare? Vi arrangerer nytt meistringskurs for etterlatne våren 2022. Sist endra 04.08.2022 12.12 «Livslyst når det røyner på» er eit meistringskurs for vaksne etterlatne som har mista ein nærståande. Kurset er gratis, og blir arrangert i samarbeid mellom pårørandekoordinator i Ålesund og kreftkoordinatorane i Sula og Ålesund. Kurset bygger på kognitiv læring, og gir nyttige verkty for å meistre kvardagen når livet er vanskeleg. Deltakarane får også høve til å utveksle erfaringar med andre som er i ein liknande situasjon. Kurset går over fire kveldar og er ope for deltakarar frå heile Møre og Romsdal. - Eg trudde det var berre var meg som følte det slik.. så kom eg hit og fant trøyst i det å møte andre i same situasjon. Desse kurskveldane har vore gode for meg. Fortsatt er kvardagen tung, men no har eg eit håp om at der fortsatt skal vere mange glade dagar framom meg, seier tidlegare kursdeltakar. Kursdagar Kursene for våren 2022 er no over. Stad: Ålesund Rådhus, møterom 463 Inngang i lavblokka (same som biblioteket). Påmelding For meir informasjon og påmelding, kontakt pårørandekoordinator Merete Brungot Kløvning på Merete.brungot.klovning@alesund.kommune.no eller mobil 480 91 554. Ansvarleg for tenesta Koordinering og tildeling