Barn som pårørande

Barn som pårørande

Barn blir påverka når nokon i familien har helseutfordringar. Når familien snakkar om sjukdommen, skaden eller avhengigheita er det lettare for barn og unge å meistre det som skjer.

Når reknar vi barn som pårørande?

Barn er pårørande når ein av foreldra eller ein annan omsorgsperson blir sjuk, skadd, har ei funksjonsnedsetting eller eit rusproblem. Barn er også pårørande når et søsken er sjukt, eller når en omsorgsperson døyr. Omgrepet foreldre omfattar alle som har eit omsorgsansvar for barnet. Det kan vere biologiske foreldre, adoptivforeldre, steforeldre eller andre som har eit omsorgsansvar for barnet. Barn er pårørande også når ein nærståande sit i fengsel.
Kjelde: www.pårørendeprogrammet

Sjukdom, skade eller dødsfall i familien påverkar heile familien, også barn og unge. Det er viktig å ta  vare på barn som er pårørande. Dei har behov for informasjon og oppfølging for å skape tryggleik og ro.

Hjelp til barn som er pårørande

Har du barn som pårørande, eller jobbar du med barn som er pårørande? Treng du informasjon, rettleiing eller nokon å snakke med?

  • Pårørandekoordinator kan gi råd, rettleiing og støtte, eller hjelpe deg å finne fram til aktuelle tilbod eller tenester 
  • Kreftkoordinator kan rettleie familiar der foreldre eller søsken har ein kreftsjukdom 
  • Helsesjukepleiar på helsestasjon eller i skolehelsetenesten (oversikt?)

Aktuelle gruppetilbod til barn og unge pårørande:

  • BAPP-grupper
  • Treffpunkt:
    Møtestad for barn og unge mellom 6-16 år som opplever alvorleg sjukdom i familien eller som har mista ein nærståande. For meir informasjon kontakt kreftkoordinator eller sjå nettsida til Treffpunkt Ålesund som er arrangert av Kreftforeningen.
  • Sorgstøttegruppe ved Ålesund sjukehus: 
    For barn og unge som har mista ein nærståande. Kontaktperson er sjukehusprest Odd Arne Skogen, tlf 411 46 133

I kommunen har vi også ei gruppe med barneansvarlege frå ulike verksemder, som har eit spesielt fokus på barn og unge som er pårørande. Pårørandekoordinator Merete Kløvning er leiar/koordinator for gruppa og formidlar kontakt.

Til toppen