Transportordning (TT-kort)Transporttenesta (TT) er eit tilbod om drosjetransport frå dør til dør til personar som på grunn av funksjonshemming har vesentlege vanskar med å reise kollektivt. TT- ordninga er meint å dekke fritidsreiser for brukaren, og ikkje reiser betalt av andre. Dette gjeld for eksempel reiser ved behandling hos lege/sjukehus, der NAV/Helseforetaka betalar reisa. Kven kan søke om TT- kort? Ordninga gjeld for deg som på grunn av funksjonshemming, enten fysisk eller psykisk, ikkje klarer å bruke buss eller andre kollektivtilbod. Funksjonshemminga di må vere varig, eller må minst vare i over eit år. Blinde og dei som må ha spesialbil for rullestolbrukarar vil bli prioritert. Kor stort reisetilskot kan eg få? Beløpet er gitt ut frå avstand til kommunesenteret og kva slags type drosje du nyttar ved søknad. Dei er inndelt i 4 brukarsoner, M1 til M4. M1 - Vanleg drosje under 10 km frå kommunesenteret M2 - Vanleg drosje over 10 km frå kommunesenteret M3 - Spesialbil for rullestolbrukarar under 10 km frå kommunesenteret M4 - Spesialbil for rullestolbrukarar over 10 km frå kommunesenteret. Det er Møre og Romsdal fylkeskommune som set beløpa i dei ulike brukarsonene. TT-kortet er knytt opp mot ein personleg reisekonto, som bli fylt på 1. januar, og 1. juli kvart år. Eit TT- kort er eit tilskot til dei med store transportutgifter og ikkje meint å dekke alle transportbehov den enkelte har. Korleis bruke eit TT-kort? Kortet er elektronisk og brukast som eit vanleg bankkort. Det er personleg og har påført namn og brukarnummer. TT-ordninga brukast til fritidsreiser, og ikkje til sjuketransport, legebesøk eller andre reiser som blir dekte av NAV/Pasientreiser. Ordninga blir administrert av Møre og Romsdals fylkeskommune. Innbyggartorget i Ålesund kommune rettleiar og informerer om TT-kort og søknad. Korleis søker eg? Du må fylle ut søknadskjema Fastlegen din, fysioterapeut eller ergoterapeut må fylle ut ei erklæring. Skjema med erklæring sender du til Ålesund kommune, Tildelingskontoret for helse- og omsorgstenester, postboks 1521, 6025 Ålesund. Ta kontakt med tildelingskontoret for helse- og omsorgstenester på tlf 70 16 22 00 eller Innbyggartorget i Ålesund kommune på tlf 70 16 20 00 for meir informasjon og hjelp til å søke. Retningslinjer og søknadsskjema finn du på mrfylke.no Brukartak og endringar Kommunane har eit brukartak på kor mange brukarar dei totalt kan godkjenne. I følge retningslinene frå Møre og Romsdal fylkeskommune, bør dei som ikkje nyttar tenesta trekkast ut av ordninga. Du må sjølv gi beskjed om du endrar adresse eller type drosje du må ta. Godkjenningar kan bli oppheva dersom brukar ikkje lenger oppfyller vilkåra, eller at vilkåra blir endra, eller dersom ein annan søkar blir prioritert. Vedtak Kommunen hentar inn dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka, og fattar så eit vedtak på vegne av fylkeskommunen. Avslag på TT-kort skal alltid grunngjevast. Klage Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du fekk vedtaket. Klagen sender du til den instansen som har fatta vedtaket. I klagen skal du fortelle kva du ønsker endra i vedtaket og grunngi dette. Kommunen vil då hjelpe deg med å skrive klagen. Klageinstans er kommunen/fylkeskommunen si klagenemnd. Før klagen sendast dit, skal den instansen i kommunen som fatta vedtaket vurdere om det er grunn til å endre det. Om vedtaket oppretthaldast, vil saka bli sendt til klagenemnda. Lovgrunnlag Denne tenesta er ikkje lovpålagt. Sjå Møre og Romsdal fylkeskommune sine retningslinjer om TT-kort. Sjå også Møre og Romsdal fylkeskommune Sist endra 27.01.2023 10.55