Økonomisk rådgiving (NAV)

Økonomisk rådgiving (NAV)

Har du, eller kjenner du nokon som har, ein vanskeleg gjeldssituasjon? Visste du at det finst eit tilbod om gjeldsrådgiving ved NAV Ålesund?

Mange av oss opplev ein vanskeleg økonomisk situasjon i løpet av livet. Det kan komme av sjukdom, samlivsbrot, spillavhengighet, eit forbruk som ikkje samsvarar med inntektene, eller andre forhold. Sjølv om mange opplev dette, er det ofte vanskeleg å finne ei løysing på eigenhand. Det kan òg vere vanskeleg å be om hjelp.

I Nav finst det ei eiga teneste for økonomisk rådgiving. Besøk NAV si heimeside for meir informasjon rundt økonomisk rådgiving.

Til toppen