Strakshjelp døgnopphald (ØHD)Kommunal strakshjelp døgnopphald (ØHD) er eit alternativ til sjukehusinnlegging for pasientar som kan gjere seg nytte av eit kommunalt tilbod. For å få plass må pasienten vere vurdert av lege (fastlege, legevaktslege eller sjukehuslege). ØHD er eit tilbod til pasientar over 18 år med forventa korttidsbehandling ved akutte tilstandar som normalt ville blitt behandla av sjukehuset. Diagnosar og problemstillingar må vere ferdig utreda eller avklart før innlegging. ØHD er døgnbemanna med sjukepleiarar og har lege tilgjengeleg heile døgnet. ØHD er ei eiga avdeling ved Ålesund lokalmedisinske senter. Her er det 12 sengeplassar fordelt på 12 rom. Ålesund Interkommunale legevakt ligg i same etasje. Avdelinga har eit nært samarbeid med fastlege, legevakt, akuttmottak på sjukehuset, heimesjukepleien og kommunale tenestekontor. Kommunane Ålesund, Sula , Vestnes og Fjord samarbeider om det kommunale døgntilbodet for øyeblikkeleg hjelp. Informasjon til besøkande Besøkstid ØHD-avdelinga har besøkstid frå kl 1600-1900. Parkering Besøkande kan parkere på merka plassar og få parkeringsbevis i informasjonen eller hos sjukepleiar på avdelinga. Smitte Besøkande som har hatt oppkast eller diaré, kan ikkje besøke avdelinga før det er gått minst 48 timer sidan opphøyr av symptom. Allergi Ein ber besøkande om ikkje å bruke parfyme med sterk lukt, sidan nokre pasientar kan reagere på dette. Informasjon til pasientar Brosjyre:Velkommen til ØHD (PDF, 567 kB) Informasjon til legar Brosjyre:Innleggingskriterier ØHD (PDF, 481 kB) Adresse Besøksadresse: Åsesvingen 16, 6017 Ålesund Postadresse: Postboks 1521, 6025 Ålesund Telefon: 70 16 39 50 Sist endra08.12.2020 15.14