Innsyn er oppe igjen

Postlister, møteplan og Innsyn er nå tilgjengeleg igjen. Dei tekniske feila er retta. 

Øyeblikkeleg hjelp døgnopphold (ØHD)

Øyeblikkeleg hjelp døgnopphald (ØHD)

Kommunal øyeblikkeleg hjelp døgnopphald (ØHD) er eit alternativ til sjukehusinnlegging for pasientar som kan gjere seg nytte av eit kommunalt tilbod.

  • For å få plass må pasienten vere vurdert av lege (fastlege, legevaktslege eller sjukehuslege).
  • ØHD er eit tilbod til pasientar over 18 år med forventa korttidsbehandling ved akutte tilstandar som normalt ville blitt behandla av sjukehuset. Diagnosar og problemstillingar må vere ferdig utreda eller avklart før innlegging.
  • ØHD er døgnbemanna med sjukepleiarar og har lege tilgjengeleg heile døgnet.
  • ØHD er ei eiga avdeling ved Ålesund lokalmedisinske senter. Her er det 12 sengeplassar fordelt på 12 rom. Ålesund Interkommunale legevakt ligg i same etasje. Avdelinga har eit nært samarbeid med fastlege, legevakt, akuttmottak på sjukehuset, heimesjukepleien og kommunale tenestekontor.
  • Kommunane  Ålesund, Sula , Vestnes og  Fjord samarbeider om det kommunale døgntilbodet for øyeblikkeleg hjelp.


Informasjon til besøkande


Besøkstid

ØHD-avdelinga har besøkstid frå kl 1600-1900.

Parkering

Besøkande kan parkere på oppmerka plassar og få parkeringsbevis i informasjonen eller hos sjukepleiar på avdelinga.

Smitte

Besøkande som har hatt oppkast eller diaré, kan ikkje besøke avdelinga før det er gått minst 48 timer sidan opphøyr av symptom.

Allergi

Ein ber besøkande om ikkje å bruke parfyme med sterk lukt, sidan nokre pasientar kan reagere på dette.

 

Informasjon til pasientar

Brosjyre:Velkommen til ØHD (PDF, 567 kB)


Informasjon til legar

Brosjyre:Innleggelsekriterieri ØHD (PDF, 481 kB)

Adresse

Besøksadresse:  Åsesvingen 16, 6017 Ålesund
Postadresse:  Postboks 1521, 6025 Ålesund
Telefon:  70 16 39 50
 

Til toppen