Koronaviruset

Her finn du siste informasjon om koronaviruset, tiltak vi gjer i kommunen og kva dette betyr for deg. Hovudnummeret til Ålesund kommune er
70 16 20 00. Vår informasjonstelefon om korona er 70 16 40 60. Opningstider i påska er onsdag 8.8 kl. 08.30-12.00, langfredag kl. 09.30-15.30, 1. påskedag kl. 09.30-15.30. Frå tysdag 14. april blir opningstidene frå kl. 08.30-15.30.

Gå til temaside om koronaviruset.

Information about corona in other languages.

Vil du bidra eller treng du bistand?

NAV Ålesund og naudhjelp

Overgrepsmottak

Overgrepsmottak

Dersom du har behov for å kontakte Overgrepsmottaket kan du ringe legevakt 116117. Dei vil sette deg i kontakt med Overgrepsmottaket i Ålesund.

Overgrepsmottaket er eit akuttilbod for ungdom og vaksne, kvinner og menn, som nyleg har blitt utsett for valdtekt, valdtektsforsøk eller liknande seksuell krenking, eller som er blitt utsett for vald av personar i nære relasjonar.  

Tilbodet er gratis og er uavhengig av politimelding. Dei som arbeider på overgrepsmottaket har teieplikt.


Overgrepsmottaket tilbyr:

  • Samtale i trygge omgjevnader
  • Medisinsk undersøking med tanke på skadar, smitte og graviditet
  • Rettsmedisinsk undersøking for sikring av bevis
  • Hjelp til å kontakte politi
  • Hjelp sjølv om overgrepet har skjedd tilbake i tid
  • Hjelp til å kontakte bistandsadvokat (gratis), uavhengig av politimelding
  • Formidlar kontakt til andre hjelpeinstansar

Du vel sjølv om du vil motta heile eller berre delar av tilbodet, og du kan ta med deg nokon om du vil.

Ved undersøking kort etter overgrepet samlar vi bevis som kan brukast i ein rettssak. Desse bevisa blir låst ned hos oss. Vi utleverer ingen bevis eller opplysningar utan at du har gitt skriftleg aksept til dette.  

Overgrepsmottaket blir drive i samarbeid med Helse Møre og Romsdal og kommunane: Ålesund, Giske, Sula, Fjord, Sykkylven, Stranda, Vestnes, Ørsta, Volda, Herøy, Sande, Hareid og Ulstein.

Til toppen