Fengselshelseteneste

Fengselshelseteneste

Innsette i fengsel har rett til dei same helsetenestene som resten av befolkninga.

Om tilbodet

Kommunen som fengselet ligg i, skal sørge for at innsette i fengsel har tilgang på helsetenester som:

  • allmennlegeteneste
  • legevaktordning
  • sjukepleieteneste
  • fysioterapiteneste
  • jordmorteneste

Tilbodet omfattar m.a.

  • helseundersøkingar
  • behandling og utarbeiding av individuell plan
  • legemiddelassistert rehabilitering
  • tannbehandling
  • førebyggande tiltak
  • grupperetta tiltak og informasjon
  • miljøretta helsevern
  • tilrettelegging for tida etter lauslating


Pris

Innsette har rett til nødvendig helsehjelp i den kommunen fengselet ligg. Tenesta er gratis.

Til toppen