Strakshjelp døgnopphald (ØHD)

Kommunal strakshjelp døgnopphald (ØHD) er eit alternativ til sjukehusinnlegging for pasientar som kan gjere seg nytte av eit kommunalt tilbod.

Øyeblikkeleg hjelp døgnavdeling (ØHD)  er eit tilbod til pasientar over 18 år, med forventa korttidsbehandling ved akutte tilstandar som normalt ville blitt behandla av sjukehuset. Diagnosar og problemstillingar må vere ferdig utreda eller avklart før innlegging.

For å få plass må pasienten vere vurdert av lege (fastlege, legevaktslege eller sjukehuslege).

Informasjon til besøkande

  • Besøkstid:
    ØHD-avdelinga har besøkstid frå kl 17.00-19.00 kvar ettermiddag.
    Besøk skal avtalast med avdelinga på førehand, ta kontakt på telefon 70 16 39 50
    Besøkande skal sprite hender og det er påbod om bruk av munnbind.
     
  • Parkering:
    Besøkande kan parkere på oppmerka plassar og få bevis for parkering i informasjonen eller hos sjukepleiar på avdelinga.
     
  • Smitte:
    • Har du luftvegssymptom eller andre symptom som kan relaterast til korona skal du ikkje kome på besøk.
    • Er du i noko form for karantene skal du ikkje kome på besøk.
    • Besøkande som har hatt oppkast eller diaré, kan ikkje besøke avdelinga før det er gått minst 48 timar sidan opphøyr av symptom.
       
  • Allergi:
    Ein ber om at besøkande ikkje brukar parfyme med sterk lukt, sidan enkelte pasientar kan reagere på dette.

Informasjon til pasientar

Brosjyre: Velkommen til ØHD (PDF, 567 kB)

Informasjon til legar

Brosjyre: Innleggingskriterier ØHD (PDF, 481 kB)

Adresse

Besøksadresse: Åsesvingen 16, 6017 Ålesund
Postadresse: Postboks 1521, 6025 Ålesund
Telefon:  70 16 39 50

Ansvarleg for tenesta