Vaksinering

Vaksinering

Ålesund kommune er godt i gang med vaksinasjon for Covid-19. Det er no dei eldste over 85 år og aldersgruppa 75 til 84 som skal få vaksinen. I tillegg vaksinerer vi helsepersonell i prioritert rekkefølge.

Kort fortalt

  • Ålesund kommune skal tilby koronavaksinasjon til innbyggarane i kommunen.
  • Alle som er 75 år eller eldre blir kontakta av fastlege eller Ålesund kommune for tid og stad for vaksinering.
    • Pasienter frå Kremmergården legesenter og Ålesund legesenter blir vaksinerte på Parken Scandic. Pasientar frå Daaeskogen legesenter over 75 år blir vaksinerte på vaksinestasjonen på Moa Øst. (eige lokale i kjøpesenteret). Desse er eller vil bli innkalte. 
    • Om du er i gruppa over 85 og ikkje har fått tilbod, må du ta kontakt med ditt fastlegekontor.
  • Dersom du er i aldersgruppa 75 - 84 år vil det vere slik at nokre har fått innkalling og har starta vaksinasjon, medan andre ikkje har fått slik innkalling. Dette kjem av at denne gruppa er stor og at kommunen får få vaksinedoser kvar veke.
  • Det er førebels ikkje sett dato for når vaksinering for dei under 75 år startar (gruppe 4). Når denne vaksineringa begynner, vil det vere mogleg å melde seg for vaksinering.
    • Gruppe 4 er dei i alder 65 - 74 år, og samstundes personar mellom 16 og 64 år med sjukdommar/tilstandar med høg risiko for alvorleg forløp.

Det vil kome lenke til påmelding og telefonnummer her når dette er klart. Prioriteringsrekkefølga er sett av helsestyresmaktene.

Oppdatert 25.02.2021

Dette er det du må vite om koronavaksinasjonen

Status vaksinering veke for veke

Vaksinering

Til deg som skal vaksinerast

For å spare tid og om du har høve, ber vi deg skrive ut skjema for eigenmelding som du skal levere inn når du kjem til vaksinasjonsstaden. 

Viss du ikkje har høve til å fylle ut eigenmeldinga på førehand, kan du gjere det når du kjem til der vi vaksinerar. Vi kan hjelpe deg å fylle ut skjemaet når du kjem til vaksinering.

Skjema for eigenmelding frå Folkehelseinstituttet 

Slik blir vaksineringa i Ålesund kommune

  • Det er fastlegane eller kommunen som kontaktar pasientane sine og avtalar tidspunkt for vaksinering. Dei aller fleste vaksinasjonane vil framleis skje ved legekontora.
  • Nokre legekontor i Ålesund har ikkje kapasitet og lokale til å gjennomføre vaksinasjon av store grupper. Desse pasientane vil få tilbod om vaksinering ved kommunal vaksinestasjon ved Scandic Parken Hotel. Samstundes fortsett kommunen med å gi dose nummer to til dei som bur på sjukeheim, og som vart vaksinert først.
  • Vi vaksinerer framleis med Comirnaty «Pfizer BioNTech».
  • Innbyggarane må i utganspunktet sjølv kome seg til og frå vaksinasjonsstaden, men Ålesund kommune er plikta til å hjelpe med transport, eller bringe vaksinen til brukaren, når det er nødvendig.
  • Når kommunen skal starte med vaksinasjonar i større delar av befolkninga, legg Ålesund kommune opp til digital påmelding eller påmelding på telefon.
  • Då vil innbyggarane få time for vaksinasjon hos etablerte kommunalt drivne vaksinestasjonar, nemd over, eller hos fastlegen eller det lokale helsesenteret.
  • Førebels er det usikkert kva dato dette blir. Men truleg i løpet av mars.
  • Situasjonen kan endre seg, og nye vaksiner kan bli godkjend, noko som kan auke talet på vaksinasjonar.

Lokasjonar for vaksinering

  • Scandic Parken hotell (konferanseavdelinga), Ålesund sentrum (i gang)
  • Amfi Moa Øst, inngang mot Fellini (ikkje starta ennå)
  • Innbyggartorget på Skodje (gamle rådhuset) (ikkje starta ennå)
  • Innbyggartorget i Brattvåg (tenestehuset) (ikkje starta ennå)

Vaksinering ved legekontor

Dei fleste legekontora i kommunen vil vaksinere dei som er over 75 år.  Det er óg gjort avtale med legekontora på Nordøyane, Sandøy og Ørskog om vaksinering. Desse vil óg vaksinere ein større del av befolkninga i sin kommunedel.  Innbyggarane over 75 år vil bli kalla inn til vaksinasjon hos legekontor, eller kommunal vaksinestasjon.

Slik blir vaksineringa hos legekontor/fastlegane

  • Fastlegekontor får tildelt eitt visst tal vaksiner.
  • Fastlegane tilbyr vaksinene til dei eldste pasientane først.
  • Alle vil få melding frå fastlegen om tidspunktet for vaksinering.
  • Dei som får vaksinen, vil samstundes få avtale om ny time tre veker seinare til dose nummer to. (for Moderna-vaksina er dette fire veker).
  • Sju dagar etter dose nummer to, skal dei som er vaksinerte vere beskytta mot covid-19 sjukdom.

Digital bestilling for vaksinering

Kommunen vil etablere ei løysing for digital bestilling av time for vaksinering. Løysinga vil vere tilsvarande digital bestilling av koronatest. Denne kjem til å bli opna når vi får tilgang på fleire vaksinedosar, den er ikkje open enno. 

Kommunen vil ta omsyn til dei innbyggarane som ikkje nyttar digitale løysingar. Det vil bli gjort kjend eit telefonnummer for bestilling av vaksinasjonstime når den tid kjem. 

Meir informasjon

Til toppen