Utleige av idrettshallar

Utleige av idrettshallar

Organiserte fritidsaktivitetar i idrettshallar, gymsalar, ungdomsklubbar etc. skal avlysast dei næraste to vekene fram til 19. januar 2021.

Kroppsøving i skulen skal skje i kohortar. Det inneber at idrettshallane skal vere opne for kroppsøving på dagtid, men vere stengd for ettermiddagsaktivitet og i helgane.

Retningslinjene gjeld leigetakar sitt ansvar ved bruk av tribune, kafè/kantine, kjøkken i samband med arrangement i idrettshallane. 

Leigetakar/arrangør skal avgrense bruken av anlegget sitt areal mest mogleg, og slik at arealet som ikkje skal brukast vert markert med sperreband eller liknande. Reinhaldspersonalet sett fram egna, og nok utsyr.

Leigetakars ansvar ved bruk av tribune og tilkomst til tribune:

  • Fjerne avfall og løst smuss på benker/seter og golv.
  • Søl og kliss skal fjernast med papir, så skal ein tørke med klut/mopp.
  • Benker vert moppa og berøringspunkt på stolar (kant på seterygg) reingjerast med klut.
  • Reingjer berøringspunkter som rekkverk/handlist, dørhandtak, brytarar med klut.
  • Avfallsbøtter vert tømt.
  •  Golva vert moppa.

Leigetakars ansvar ved bruk av kiosk/kjøkken/kafè eller kantine:

  • Reingjer berøringspunkt som dørhandtak, samt handtak og brytarar på komfyr, kjøleskap, mikrobølgeomn mm.
  • Reingjer vask, benker og øvrig inventar.
  • Tømme avfall og skifte avfallspose.
  • Reingjer bordflater og berøringspunkt på stolrygg og armlen.
  • Reingjer gulv.
     
Til toppen