Koronaviruset

Her finn du siste informasjon om koronaviruset, tiltak vi gjer i kommunen og kva dette betyr for deg. Vår informasjonstelefon om korona 70 16 40 60 er betjent frå klokka 08.30 - 15.30 alle dagar. 

Gå til temaside om koronaviruset.

Information about corona in other languages.

Vil du bidra eller treng du bistand?

 

Til helsepersonell

Til helsepersonell

Helsedirektoratet har innført ei rekkje lover og tilrådningar for helsepersonell.

Forbod mot å reise til utlandet

Helsepersonell som arbeider med pasientbehandling har forbod mot å reise til utlandet. Dette er heimla i ei eiga lov. Her finn du lova og forskrifta

Forbodet omfattar helsepersonell i heile landet som jobber med pasientbehandling i spesialisthelsetenesta og i den kommunale helse- og omsorgstenesta. Dette er inkludert fastlegar og andre som i samsvar med avtale tilbyr helse- og omsorgstenester til befolkninga. Forbodet omfattar òg private som utan formell tilknyting til kommune, fylkeskommune, regionalt helseføretak eller staten tilbyr helse- og omsorgstenester til befolkninga, jf. helseberedskapslovas § 1-3 c).   Kostnadene knytte til avbestilling av private reiser som allereie er bestilte må helsepersonellet først søka om å få refundert frå eige forsikringsselskap

Tilrådingar

I tillegg til forbod mot utanlandsreiser, har Helsedirektoratet òg komme med ei rekkje anbefalingar. Vi oppmodar helsepersonell å lese Helsedirektoratet sin rettleiar:

Koronavirus – beslutninger og anbefalinger

Reglar for koronasmitte og teieplikt

 

Råd om unntak frå heimekarantene for tilsette i helsetenesta 

Det er viktig å sikre forsvarlig drift. Derfor kan det bli aktuelt å la tilsette i helsetenesta arbeide, sjølv om dei er i heimekarantene. Før man gjer unntak frå karantene, bør dette vurderast:

  • Muligheit for å allokere personell frå andre avdelingar/institusjoner. 
  • Muligheit for nedjustering av aktivitet.  

Dersom dette ikkje er nok for å ta vare på pasienttilbodet, bør det gjerast ei lokal vurdering av kven som eventuelt bør kalles tilbake til jobb.  

Døme på tilsette som kan vere aktuelle for arbeid i karanteneperioden: 

  • Tilsette som er i karantene etter utenlandsreise.
  • Tilsette som er i slutten av karanteneperioden (gjennomsnittleg inkubasjonsperiode for covid-19 er 5-6 dager)
  • Tilsette som er minst smitteutsatt. Til dømes om du var i nærkontakt kun dagen før eit stadfesta tilfelle utvikla symptomer.

Følgande bør ikkje kallast tilbake: 

  • Tilsette som har luftvegsymptom eller feber. Desse skal isolerast og ikkje jobbe. 
  • Tilsette som over tid har hatt nær kontakt med stadfesta tilfelle med symptomer, og ikkje har nytta personleg verneutstyr. 
  • Tilsette som har husstandsmedlem/ partner som har fått påvist covid-19. 

Personell som skal møte på jobb i karanteneperioden skal: 

  • Straks forlate jobb dersom dei utviklar luftvegssymptomer eller kjenner at allmenntilstanden vert redusert. 
  • Bruke munnbind ved pasientkontakt (under to meter avstand frå pasient) 
  • Halde avstand til andre tilsette og pasientar/bebuarar. 
  • Organisere arbeidet slik at nærkontakt med pasientar/bebuarar og medarbeidarar vert avgrensa.  
  • Unngå mathandtering. 
  • Ha strenge reglar av hoste- og handhygiene, dessutan følge lokale retningslinjer for arbeidsantrekk. 

Råd frå Folkehelseinstituttet om korleis helsepersonell skal forholde seg til smitte eller mistanke om smitte.  

 

Vi søker helsepersonell

Klikk for stort bilde Vi søker no etter helsepersonell som kan hjelpe til i tenestene. Er du helsefagarbeidar, vernepleiar, miljøterapaut, sjulepleiar eller student, ønsker vi at du registrer deg.  

- Helsepersonellet som registrerer seg, bestemmer sjølve kor mange timar dei ønsker - og kan, bidra. Vi håper på ein felles dugnad for å begrense koronasmitta, at vi alle drar lasset saman, fortel Jann Harald Røst som er avdelingsleiar for bemanningstenesten i kommunen.  
 
Helsepersonell som har høve til å hjelpe til,  kan registrere seg på alesund.kommune.no/ledige-stillinger

Til toppen