Koronavirus

Til deg som treng nokon å snakke med

Til deg som treng nokon å snakke med

Har du spørsmål om korona? Eller treng du nokon å snakke med? Sjå tilgjengelege telefon- og chattetenester.

Informasjon

Ring vår publikumstelefon om du vil ha svar på spørsmål om alt frå karantene til rettleiing om dei nasjonale råda. 

Ring koronatelefonen 70 16 40 80  (Open måndag til fredag kl. 09.00 - 15.00.)

For spørsmål om kommunen sine tjenester kan du spørre Kommune-Kari her på nettsida vår, eller ringe Innbyggartorget.

Her kan du bestille tid for koronatest.

Noen å snakke med

Det frivillige Noreg har òg ei rekkje tilbod som du kan nytte:

  • Diabeteslinja: 815 21 948  (kvardagar  09-19, lørdagar og søndagar 10-18).
    Diabetesforbundet.
  • Frivillighetens koronalinje: 23 12 00 80.
    Landsforeningen for hjerte- og lungesyke (LHL) saman med Helsedirektoratet, Nasjonalforeningen for folkehelsen og Norske Kvinners Sanitetsforning.
  • Astma og allergiforbundet:  23 35 35 35
    For råd eller generelle spørsmål om korona, astma eller kols.
  • Pårørendelinja: 90 90 48 48 (kvardager mellom klokka. 09.00 og 15.00).
    Pårørendesenteret sin hjelpetelefon for pårørande i alle aldre er tilgjengelig på chat, telefon og e-post. Dei tilsette har helse- og sosialfagleg utdanning og taushetsplikt.

Til deg som er ung

Dersom du slit med vonde tankar eller har det vanskeleg heime, er det viktig å snakke med nokon du stoler på. Her er nokre alternativ for deg som treng nokon å snakke eller chatte med:

  • Alarmtelefonen for barn og unge: 116 111 (døgnopen no)
    Eit nødnummer for deg som blir utsett for vald eller overgrep eller føler deg utrygg på andre måtar. Du kan òg ringje dersom du er bekymra for nokon du kjenner.
  • BaRsnakk
    Eit chattetilbod til deg som har foreldre, eller andre nær deg, som har eller har hatt eit rusproblem. Tilbodet blir drive av frivillige i organisasjonen Barn av rusmisbrukere. 
  • Kors på halsen: 800 333 21
    Eit tilbod til deg under 18 år der du kan ringje, chatte eller sende e-post med frivillige vaksne frå Røde Kors - eller snakke med andre på din eigen alder på forumet.
  • SnakkOmPsyken.no
    Blå Kors si chatteteneste der du mellom 9 og 19 år kan chatte om vanskelege tankar og kjensler.
  • UngPrat.no
    Ei samtaleteneste for deg mellom 13 og 24 år som treng nokon å prate med.

Til deg som er bekymra for eit barn

Når samfunnet stengjer ned, mister barna våre kontakten med nettverket dei har gjennom barnehage, skule og fritidsaktivitetar. Dette er tida for å senke terskelen for å ta grep. Her er ei oversikt over kvar du kan ta kontakt for å få råd og rettleiing:

  • Alarmtelefonen for barn og unge: 116 111 (døgnopen no)
    Det nasjonale nødnummeret for barn og unge. Vaksne som er bekymra for eit barn, kan ringje alarmtelefonen. Telefonen er bemanna av fagpersonell, og du kan ringje heile døgnet no i samband med koronasituasjonen.
  • Barnevernet.no
    Barnevernstilsette er inkludert i gruppa samfunnskritisk personell under koronakrisa for å sikre dei mest utsette barna. På barnevernet.no er det informasjon om barnevernsvakter og barnevernstenester i alle kommunar og om korleis du melder bekymring til barnevernet.

Til deg som har det vanskeleg

Dette er ei krevjande tid for både barn og vaksne. Dersom du synest det er vanskeleg å handtere situasjonen, eller dersom du treng hjelp for å vere ein god forelder, finst det fleire gode tilbod til deg. 

  • Hjelpetelefonen til Mental Helse: 116 123
    Ei gratis døgnopen telefonteneste for alle som treng nokon å snakke med. Du kan vere anonym, og den du snakkar med, har teieplikt. Dei har òg ein chat på sidetmedord.no.
  • Kirkens SOS: 22 400 040
    Her kan barn, unge og vaksne ta kontakt dersom dei treng nokon å snakke, melde eller chatte med. Du kan vere anonym.
  • Foreldresupport: 116 123 (tast 2).
    Ei døgnopen telefon- og chatteteneste for omsorgspersonar som treng hjelp og rettleiing eller har behov for å lufte tankane sine med nokon. Tenesta blir driven av Mental Helse.
  • Vold- og overgrepslinjen 116 006
    Ei døgnopen hjelpelinje for deg som opplever vald i nære relasjonar eller er bekymra for nokon du kjenner. Tenesta er anonym.
  • Anonyme Alkoholikere (AA): 911 77 770
    Eit fellesskap der kvinner og menn deler erfaring, styrke og håp med kvarandre for å løyse eit felles problem og hjelpe andre med å bli friske frå alkoholisme.
  • Rådgivingstelefon for pårørande: 22 49 19 22
  • ejrklajrk j   Landsforeningen for pårørende innen psykisk helse og rus tilbyr rådgiving om rettane og behova til pårørande og informasjon om hjelpeapparatet. Dei har òg ein chat for unge, Ungchat.
  • For kreftsyke eller pårørende
    Er du kreftsyk eller pårørende til noen i Ålesund? Du kan få informasjon, råd og veiledning, eller støttesamtaler på telefon. Send gjerne sms eller legg igjen en talemelding så tar vi kontakt så snart som mulig. Kreftkoordinator 409 24 712 og pårørendekoordinator 480 91 554.
Til toppen