Koronaviruset

Har du spørsmål om korona? Ring informasjonstelefonen 90 27 15 79 (open måndag til fredag kl. 09.00 - 15.00).  Dette nummeret kan ikkje brukast for bestilling av test eller vaksine. På vår samleside finn du alt om testing, vaksinering og smittetal i kommunen.

Testing for koronavirus

Sjølvtesting for unge i ungdomsskolen og på vidaregåande skole

Ungdom i Ålesund får tilbod om å ta sjølvtest heime derom nokon i klassen/på ein fritidsaktivitet blir smitta av korona. Ved å ta fleire testar (slik det står under), kan dei unge gå på skolen som vanleg. Om dei er friske. Dei som får symptom skal rett i karantene. 

Alle elevar vil få utdelt 1 test som dei tek med seg heim. Denne testen vert levert ala "ranselpost" i veke 38.

Slik gjer du det

  1. Dersom nokon i klassen eller på ein fritidsaktivitet blir smitta av korona, skal du ta hurtigtest.
  2. Ved negativ test går ein på skulen/aktivitet. Neste test skal ein ta på dag 3 og siste test på dag 5.
  3. Den som blir testa bør halde avstand til flest mogeleg fram til ein får svar på den første testen.

Det kan ved behov bli gitt ny informasjon om andre testregime.

Dersom de ikkje ønskjer eller klarer å gjennomføre test sjølv, kan de bestille time på teststasjonen. Telefon: 70 16 40 60. Telefonen er åpen alle kvardagar frå 08.00 - 15.00.

Alternativet til å teste seg (med sjølvtest eller på teststasjonen) er 10 dagar i karantene.

Resultat av prøven

Så lenge testresultata er negative kan ungdommen gå på skule og på fritidsaktivitetar som normalt. Ved negativt svar treng de ikkje å melde frå til nokon.

Nye hurtigtestar for vidare testing på dag 3 og 5 hentar ein på innbyggertorga og på bibliotek frå veke 38. Nye testar vert delt ut i pakningar med 3 hurtigtestar. 

Dersom ein av testane viser positivt resultat skal de vere heime, og ta kontakt med smittesporingsteamet via positiv-hurtigtest@alesund.kommune.no. Oppgi namn, personnummer og telefonnummer og om du har symptom.

Vi sørger då for at ungdommen får time til ny test på teststasjonen så snart som mogeleg og at analysen blir prioritert.

Slik gjennomfører ein testen

Bruksanvisning blir delt ut saman med sjølvtestane.

Her ser du en video som enkelt viser korleis du skal gjennomføre sjølvtesten:

Treng du fleire testar?

Personar med symptom eller som er i isolasjon skal ikkje hente testar.

Testen alle har fått utdelt på barnehagen/skolen skal nyttast først. Neste test skal du ta mellom dag 3 og 5, treng du test då kan ein hente oppfølgingstestar på desse stadane frå og med torsdag 23. september.

Kven gjeld desse rutinane for?

  • Reglane gjeld for barn og unge i Ålesund som går på ungdomsskole eller på vidaregående skole. 
  • Dei gjeld berre dersom nokon i klassen eller i omgangskretsen har blitt smitta.
  • Husstandsmedlemmar, kjærestar og andre nære kontakter til den smitta må framleis i karantene.

Rutinane er i tråd med råda frå Helsedirektoratet

Til toppen