Innsyn er oppe igjen

Postlister, møteplan og Innsyn er nå tilgjengeleg igjen. Dei tekniske feila er retta. 

Status smittetilfeller

Status smittetilfeller

Her vil vi samle status for smittetilfeller i Ålesund: 

Fredag 21. oktober

Ålesund kommune fekk seint torsdag kveld melding om at sju flyktningar som kom til kommunen onsdag 21. oktober, har testa positivt på koronavirus. 

Alle sju har vore i karantene etter at dei kom til Ålesund, og dei er no i isolasjon. Det har vore sett inn smitteverntiltak heilt sidan dei landa på Vigra.Alle sju er i same familie. Dei har hatt tilsyn av lege og helsesjukepleier i dag. Dei har ikkje symptom på Covid-19 no og vert fulgt av flyktningetenesta og helsevesenet vidare. 

Ålesund kommune har vidare fått melding om to nye smittetilfelle i dag. Den eine er polsk gjestearbeider som er i innreisekarantene. Han vert sett i isolasjon og fire andre er i karantene. 

Vidarere har ein person som nyleg kom til Ålesund frå annan stad i landet testa positivt. Vedkomande har kun hatt kontakt med nærfamilien sin her i Ålesund. Vedkomande er i isolasjon og smittevernteamet arbeidar vidare med smittesporing.

Onsdag 21. oktober

Kommuneoverlegen i Ålesund fikk onsdag kveld melding om nok eit tilfelle av koronasmitte i kommunen. 

Vedkommande er gjestearbeidar, og sat  i innreisekarantene då smitta vart påvist. Vedkommande er sett i isolasjon, og tre av arbeidskollegane er sett i karantene. 

Personen  vert no fulgt opp av smittevernteamet og arbeidsgivaren.  

Onsdag 21. oktober

Kommunelegen i Ålesund har fått inn melding om to nye tilfeller av koronasmitte i Ålesund. Til saman 45 personar er førebels sett i karantene.

Den eine smitta er nærkontakt og i familie med ein av dei som blei smitta ved Sykehusapoteket i Ålesund. Vedkommande satt allereie i karantene då smitte vart påvist.

Den andre personen fekk påvist smitta i går kveld. Vedkommande har ikkje symptom på sjukdom. 
Vedkommande deltok måndag på ei korpsøving i Ålesund før han fekk vite at han kunne vere smitta. Korpset er informert, og nærkontaktane, familie og arbeidskollega er sett i karantene.

Vedkommande deltok òg på ei treningsøkt. Her er 14 personar sett i karantene.  Kommunen driv framleis med smittesporing.

Fredag 16. oktober

Ålesund kommune fekk fredag ettermiddag melding om eitt nytt tilfelle av koronasmitte i Ålesund. Vedkomande er ein utanlandsk gjestearbeidar, og satt i karantene då smitta vart påvist. Vedkomande sit no i isolasjon i eigen heim og vert fulgt opp av fastlege og smittevernteam i Ålesund kommune. 

Det var Medi 3 som meldte tilfellet til kommuneoverlegen. Den smitta har ikkje vore kontakt med andre personar sidan han kom til Ålesund.

Fredag 9. oktober

Ålesund kommune har i dag  fått melding om at ein person har testa positivt for koronavirus. Vedkomande har lette symptom og er nærkontakt med ein som testa positivt for koronavirus tidlegare i veka. Vedkomande var allereie i karantene og går no i isolasjon.

 

Onsdag 7. oktober

To nye smitta i Ålesund stadfesta onsdag kveld. Kommuneoverlegen har fått melding om to nye personar som har fått påvist koronasmitte i Ålesund. Begge arbeider ved Sjukehusapoteket i Ålesund. Seks personar i Ålesund har no fått påvist smitte i samband med utbrotet ved Sjukehusapoteket.

 

Tirsdag 6. oktober

Ein ny person er smitta av korona i Ålesund. Vedkomande er tilsett ved Sjukehusapoteket i Ålesund og smitten vert vurdert å ha relasjon til pågåande smitteutbrot der. Vedkommande har ikkje symptom og har ikkje vore i arbeid siste veka. Smittesporingsarbeid pågår og nærkontakter vert varsla og sett i karantene, melder kommuneoverlege Olav Mestad i Ålesund

 

Mandag 5. oktober: 

Kommunelegen i Ålesund fekk måndag ettermiddag melding om to nye tilfeller av koronasmitte i samband med utbrotet ved sjukehusapoteket ved Ålesund sjukehus. Ein er busett i Sula og ein er busett i Ålesund.  

Kommunelegen driv no smittesporing. Det er no tilsaman registrert fem smitta etter utbrotet. Tre er busett i Ålesund og to i Sula. Smittekjelda til utbrotet er kjend.

 

Søndag 4. oktober: 

To nye smitta busett i Ålesund

Tre tilsette ved Ålesund sjukehus er smitta av koronaviruset. To av dei bur i Ålesund og ein i Sula.
Alle dei tre arbeider ved sjukehusapoteket i Ålesund, melder Helse Møre og Romsdal. Ingen av dei tre har kundekontakt, og det er liten risiko for at kundar ved apoteket kan ha blitt smitta. Ni andre tilsette ved apoteket er sett i karantene. Kommunelegen i Ålesund og kommunelegen i Sula driv med smittesporing. 

 

Laurdag 3. oktober: 

Kommunelegen i Ålesund har i dag fått stadfesta eitt nytt tilfelle av koronasmitte i Ålesund. Vedkommande har vore i utlandet, og har vore i karantene etter heimkomst til Noreg.  Vedkommande utvikla febersymptom kort tid etter heimkomst, og vart så testa for smitte. Laurdag ettermiddag fekk kommunelegen stadfesta at vedkommande hadde smitte. Familien til vedkommande er satt i karantene.  -I dette tilfellet ser vi det som usannsynleg at vedkommande kan ha spreidd smitte ute i samfunnet, seier kommuneoverlege Jonas Vegsundvåg

 

Torsdag 1. oktober: 

Ålesund kommune fekk i går kveld melding om at ein gjestearbeider tilsett hos ein underleverandør til Vard har testa positivt for koronavirus. Personen var i innreisekarantene, og vart i samsvar med VARD sine rutiner testa ved ankomst. Vedkommande vart i går kveld overført frå karantene i ei leiligheit i Brattvåg til isolasjon ved Vard sitt anlegg ved Trohaugen i Vestnes.

I tillegg blir ni av vedkommande sine nærkontaktar i samband med reise og karantene overført til isolasjon same stad. Personen har ikkje vore i butikkar eller i kontakt med lokalbefolkninga. Arbeidaren har ingen symptom, og vert fulgt opp av VARD sitt dedikerte helseteam. VARD vil saman med kommuneoverlegen i Vestnes fylgjer opp vidare.

 

Laurdag 26. september: 

Tolv personar i karantene i Ålesund

Ein person som har tilhald i Rauma kommune har delteke på ei uformell trening i Ålesund kommune denne veka. I etterkant av treninga har personen fått påvist koronavirus. Tolv personar i Ålesund er no i karantene, av desse er ni personar definert som nærkontaktar. 

Personane blir følgt opp av smittevernteamet i Ålesund kommune. Dei fleste vart testa fredag 25. september. Desse må sitte i karantene i ti dagar. 

-    Personen som er smitta har hatt sosial kontakt med nettverket sitt, kollegaer og andre, og ein del hamna i karantene då han testa positivt, seier kommuneoverlege Olav Mestad. 

Personen som er smitta skal ha vore i regionen på jobbreise frå eit annan stad i landet.

 

Laurdag 26. september: 

Laurdag 26. september fekk Ålesund kommune stadfesta to nye tilfelle av koronavirus. Begge personane er hustandsmedlemmar til ein person som er tidlegare stadfesta med koronavirus. 

Alle er i isolasjon og har berre lette symptom. 

 

Status 24. september: 

Ålesund kommune fekk i ettermiddag meldt at ein person har testa positivt for koronavirus. Vedkomande kom til kommunen frå arbeid annan stad i landet. På grunn av mistanke om smitte, har den smitta vore i karantene etter at personen kom til Ålesund. Det er ikkje nærkontaktar i Ålesund. Den smitta har kun lette symptomer og vert fulgt opp av lege og smittevernteam.

 

Status 17. september: 

Ålesund kommune har i dag fått melding om at ein person har testet positivt for koronavirus. Vedkommende var allereie i karantene på grunn av opplysning om nærkontakt med smitte annan stad i landet. 

Personen har lette symptom og er i isolasjon. Nærkontaktar var allereie i karantene før positiv test forelå, og vert fulgt opp av smittevernteamet i kommunen. 
 

Status 16. september: 

Ålesund kommune fekk seint tysdag kveld (15. september) melding om at ein person som ankom Ålesund søndag kveld, har testa positivt for koronavirus.  Vedkomande er testa rutinemessig, har ingen symptom og har vore i karantene sidan ankomst Ålesund. Personen er no i isolasjon. Det er ikkje mistanke om at vedkomande kan ha smitta nokon sidan ankomst til Ålesund. Smittevernteam, bedriftshelseteneste og arbeidsgivar følger opp den smitta.

 

Status onsdag 9. september: 

Ålesund kommune har seint tysdag kveld fått melding om at ein person er stadfesta  smitta av koronavirus. Vedkommande er nærkontakt til kjend smitte og har vore i karantene den siste veka. Personen har kun lette symptom og vert fulgt opp av fastlege og Ålesund  kommune sitt smittevernteam. Ingen fleire er sett i karantene i samband med dette smittetilfelle.

 

Status onsdag 2. september: 

Ålesund kommune fekk onsdag 2. september melding om at ein person er stadfesta smitta med koronavirus i gamle Sandøy kommune. Den smitta er i isolasjon og til saman åtte personar er sett i karantene. 
Kommunen abeider med oppfølging og smitteoppsporing. Dei som er i karantene får tilbod om testing lokalt og ein har tett samarbeid med fastlege. 
 

Status fredag 28. august: 

Nasjonale tal på VG og FHI sine sider viser auke i smitte i Ålesund. Av og til kjem det tal i nasjonale oversiktar som kan føre til misvisande tal lokalt. Her kan du lese forklaringa. 

 

Status fredag 21. august: 

Ein tilreisande arbeidar på ein brakkerigg på Terøya ved Søvik har testa positivt på korona. Meldinga kom seint torsdag kveld 20. august. Personen kom tilreisande frå eit gult land søndag kveld. 
 
-    VARD har som følge av eigne interne prosedyrer testa alle tilreisande arbeidarar fra utlandet etter ferien, og personen som no har testa positivt har vore i karantene fram til prøveresultata forelå torsdag kveld, seier kommunikasjonssjef i VARD, Hege Akselvoll. 
 
Personen har ingen symptom og er flytta til isolasjon ved VARDS brakkerigg i Tomrefjorden, Vestnes. Nærkontaktar er informert. Dei blir retesta i dag fredag og vil vere i isolasjon på eit dedikert område på den same brakkeriggen. VARD har på eige initiativ valt å teste alle tilreisande arbeidera som kjem frå utlandet etter ferie,  uavhengig av kva land dei kjem frå.  
 
Kommuneoverlege i Ålesund kommune og VARD har gjennomført smitteoppsporing. 
 

Status Ålesund kommune 13. august: 

Seint torsdag kveld, 13. august, fekk Ålesund kommune stadfesta to nye tilfeller av koronavirus. Ein familie har vore på reise i utlandet, og to personar er så langt stadfesta med koronavirus. 

-    Familien hadde mistanke om korona i omgangskretsen på reise og tok straks smitteomsyn, seier kommuneoverlege Jonas Vegsundvåg.

Dei hadde mellom anna auka fokus på smittevern på heimreisa. Kommunen har vore i kontakt med FHI som seier at det ikkje er nødvendig med smittesporing på flyet. 

Etter heimkomst har familien vore i karantene heimen. Dei vart testa for korona onsdag 12. august. Nærkontakter er sett i karantene.  Dei to personanen har lite symptom og har det bra. 
 

 

Status Ålesund kommune 12. august: 

Onsdag 12. august fekk Ålesund kommune eitt nytt stadfesta tilfelle av koronavirus. Vedkommande arbeider i NRK Møre og Romsdal, men har ikkje ein funksjon som har mykje kontakt med publikum. Personen har opphaldt seg på Sunnmøre, óg ein kort periode på austlandet. 

Vedkommande fekk symptom torsdag 6. august og var testa tysdag 11. august. Nærkontaktar er sett i karantene, og alle skal testast. 

 

Status Ålesund kommune - 4. august 

Ein person til har testa positivt for koronavirus i Ålesund.  Vedkommande er mannskap om bord i eit skip som ligg i opplag i Ålesund. Totalt er det no påvist 36 smitta i Ålesund.

Ålesund kommune krev no at alle tilsette i helsetenesta i kommunen skal testast for koronavirus dersom dei har vore i utlandet. Dette gjeld sjølv om dei har vore i dei «grøne» landa.

Andre tilsette som har vore i «raude» land skal også testast. Vidare viser Ålesund kommune til dei nasjonale retningslinene for testing.

Alle som meiner dei bør eller skal testast, skal ringe  kommunen sin testtelefon 70 16 40 60 mellom kl. 08.00 og 15.00 måndag til fredag for å avtale testing.

Status Ålesund kommune - 1. august 

Fire passasjerar frå Hurtigruta er frå Ålesund

Det er oppdaga smitte av koronavirus på Hurtigrutens ekspedisjonsskip MS Roald Amundsen. Ålesund kommune stadfestar at fire av passasjerane er frå Ålesund.

Passasjerane er utan symptom og skal testast måndag 3. august i Ålesund. To av dei skal vere i karantene til og med 03.08, dei andre to skal vere i karantene til og med 10.08. 

Ålesund komme følgjer situasjonen nøye. 

Meir informasjonhttps://www.hurtigruten.no/praktisk-informasjon/koronavirus/ra31072020/

 

Status 8. juli: 

Ålesund kommune fekk 7. juli beskjed om at ein person har testa positivt på koronavirus. Personen kom tilreisande og er frå utlandet. Personen har ikkje symptom og har vore i karantene sidan vedkommande kom til kommunen.  Personen er no i isolasjon. Alle nærkontaktar sat allereie i karantene då svaret på prøven kom. Dei er testa, og ingen av dei har så langt testa positivt på koronavirus.

Totalt er det no 35 personar som har fått påvist koronavirus i Ålesund kommune.

 

Status 27. juni: 

Fredag 26.juni vart det lagd inn to nye pasientar til sjukehusbehandling ved Ålesund Sjukehus. Ein fekk påvist koronasmitte fredag 26. juni og ein fekk påvist smitte laurdag 27. juni.
 
- Nødvendige smitteverntiltak og prosedyrer vart følgt ved innlegging. Pasientane ligg innlagd ved kohorteininga og tilstanden til pasientane er etter forholda god. Verken tilsette, eller andre pasientar ved Ålesund sjukehus har vore eksponert for smitte frå dei koronasmitta pasientane, seier smittevernoverlege Jørn Åge Longva
 
Ålesund kommune fekk melding om to sjuke personar om bord i eit russisk fiskefartøy torsdag 25/6 på kveldstid. Fartøyet anmoda hamnemyndigheter og helsemyndigheter om at dei sjuke fekk komme i land for medisinsk avklaring og hjelp med tanke på mulig smitte av koronavirus. Denne anmodninga vart imøtekome. Fartøyet forlot Ålesund like etter  og befinn seg no i internasjonalt farvatn. Ålesund kommune  og Ålesund havnevesen har meldt dette vidare til Folkehelseinstituttet og nasjonale sjøfartsmyndigheiter. 
 

Status 30. mai:

Laurdag 30. mai fekk Ålesund kommune beskjed om at tre nye personar har stadfesta positivt på koronavirus i kommunen. Alle tre er nærkontakt til dei som har testa positivt i Sula kommune.

Dei tre har berre lette symptom og har vore i karantene sidan onsdag 27. mai. Dei smitta får oppfølging av smitteteamet i Ålesund kommune. 

Totalt er det no 32 som har påvist koronavirus i Ålesund kommune. 

 

Status 15. mai: 

Fredag ettermiddag kom det melding om at ein person som arbeider ved Ålesund sjukehus har testa positivt på koronavirus.

Ålesund sjukehus har gjort smitteoppsporing og sett 33 personar relatert til arbeidsstaden i karantene. 
Vedkommande bur i Ålesund kommune. Ålesund kommune sitt smittevernteam har òg vore inne i saka. Nærkontaktar utanom arbeidsstaden er òg sett i karantene. Smittekjelda er så langt utkjend. 

Det er i Ålesund totalt 29 som er påvist med smitte, 26 av desse er friske og ute av isolasjon. 

 

Status 11. mai: 

Det er diagnostisert 28 personer som har fått påvist koronavirus i Ålesund kommune. 24 er friske og ute av isolasjon. Det er ikkje påvist nye smitta med koronavirus i Ålesund kommune sidan forrige positive prøve som vart tatt 5. mai. Det blir testa fra 15 til 30 personar ved teststasjonen dagleg.  Det er normal aktivitet på Ålesund interkommunale legevakt. Personar som er sjuke med luftvegssymptom og treng legetilsyn, kan kontakte eigen lege eller legevakt for undersøking ved luftvegsklinikken på Ålesund legevakt. Der er åpent frå kl. 15.00-22.00 dagleg. 

Vi har god kapasitet for meir testing. Vi minner om at både barn i barnehage og skole, foreldre til barn i barnehage og skole samt lærere og barnehagelærere, kan testes ved symptom på koronavirus som har vart over 2 dager.  Andre som mistenker at de kan ha koronavirus og som har  symptom kan óg testast. Sjå meir informasjon om testing. 

 

Status 7. mai: 

6. mai har ein tilsett i ein kommunal barnehage i nordre del av Ålesund kommune fått påvist smitte av koronavirus. Den tilsette har ikkje vore på jobb i barnehagen sidan torsdag 23.04., og fekk først symptom nokra dagar etter dette.

Den smitta er i heimeisolasjon og har lite symptom. Nærkontaktar til vedkomande er i karantene. Smittekjelda er i dette tilfellet så langt ukjend,  og det vert jobba aktivt med testing av nærkontaktar og sporing av smittekjelda. 

Den tilsette, barnehagen og foreldre/føresette i barnehagen får tett oppfølging. 

 

Status per 4. mai: 

  • Det er registrert 27 smitta, ein ekstra frå tidlegare. Vedkommande har kome tilreisande frå ein annan stad. Vedkommande er i isolasjon. 
  • Friske og ute av isolasjon: minst 24
  • Innlagt i Møre og Romsdal: 3 personar 
  • Testkapasiteten er god. Det blir no testa ca 30-40 per dag. Vi har på kort sikt kapasitet til å teste 80 + for dag. 

 

Status per 21. april: 

Det er per 21. april registrert 26 smitta av korona i Ålesund kommune. Sjå eiga nettsak med status per 21. april. 

Til toppen