Smittevernreglar i Ålesund og Sula

Smittevernreglar i Ålesund og Sula

Frå laurdag 20. november klokka 12.00 til 3. desember klokka 24.00 har kommunane Ålesund og Sula ei ny lokal forskrift. Vår lokale forskrift går foran nye nasjonale koronareglar. Det vil dei neste dagane bli vurdert om lokal forskrift skal opphevast, blir endra eller blir vidareført med likt innhald.

Plikt om smittekarantene

Husstandsmedlem og tilsvarande nære (eksempelvis kjærast) til en person med påvist koronavirus skal i karantene i 7 dagar frå testdato hos påvist tilfelle. Karantenen gjeld for fullvaksinerte, delvaksinerte og uvaksinerte i alle aldrar. Les meir utfyllande i forskrifta, der er nokre unntak.

Plikt om bruk av munnbind

  • Når det ikkje er mogleg å halde minst ein meters avstand innandørs skal det brukast munnbind i butikkar, i fellesareal på kjøpesenter og på kollektivtransport. 
  • Tek du taxi må du bruke munnbind. Sjåfør må også bruke munnbind når det er passasjerar i taxien. 
  • Plikta til å bruke munnbind i første ledd gjeld tilsvarande for tilsette på stader der det ikkje er mogleg å halde minst ein meters avstand frå besøkande.
  • Plikta til å bruke munnbind gjeld ikkje for barn under 12 år, eller for dei som av medisinske eller andre årsaker ikkje kan bruke munnbind.

Lokale råd gjeld fortsatt

  • Hald deg heime når du er sjuk. 
  • Ha låg terskel for å teste deg. Les meir om testing på vår nettside. 
  • Vaksiner deg! 
  • Hald fram med å følgje smittevernreglane med god hoste- og handhygiene. 
  • Hald minst 1-meter avstand til andre der det er mogleg.
  • Vurder å bruke munnbind om du ikkje klarer å halde 1 meter avstand til andre. 

Kva betyr dette for meg, familien min og mi bedrift? 

Rådet om minst 1-meter avstand er eit råd som gjeld slik smittesituasjonen no er. Kommunen ber alle ta omsyn og gjere det dei kan for å følgje rådet. 

  • Det betyr at du bør halde 1-meter avstand når du er i det offentlege rom, til dømes på butikken i køa. Det kan vere vanskeleg å halde avstand om du reiser med kollektivtrafikk. Vi minner då om at ein kan vurdere reisetidspunkt med mindre pågang der dette er mogleg, eller bruk munnbind ved behov. 
  • Det blir ingen krav til utestadar eller restaurantar om å redusere tal på besøkande. Kvar einskild besøkande må sjølv ta ansvar om å halde avstand til andre. Vi oppmodar bransjen å legge til rette for auka avstand så kundar kan følgje rådet.
  • Hald 1-meter avstand til kolleger der det let seg gjere. 
  • På eit arrangement eller einskilde aktivitetar kan det vere vanskeleg å halde avstand til andre. Vurder om du bør bruke munnbind. Tenk også over kor mange arrangement du deltek på, for å redusere tal på nærkontaktar.  
  • Både barn og vaksne skal i størst mogleg grad få leve som normalt. Friske barn kan møte på sine fritidsaktivitetar og planlagde arrangement, også der det samlast born frå fleire skolekretsar. 
  • Vi oppmodar føresette til å vere bevisst på tal på arrangement og aktivitetar barnet deltek på. Ver merksame på at det er mykje smitte ved skolar og barnehagar i kommunen. 
  • Samtlege skular har grønt nivå, men behov for å auke til gult nivå vurderast jamt av kommuneoverlegen og kriseleiinga. Vi minner om at barn under 12 år ikkje skal nytte munnbind.

Nasjonale reglar og anbefalingar

Du finn dei nasjonale reglane på Helsenorge sine sider. Ein regel er forskriftsfesta og skal følgast. Brot på reglane er straffbart. Vår lokale forskrift går foran nye nasjonale koronareglar. Det vil dei neste dagane bli vurdert om lokal forskrift skal opphevast, blir endra eller blir vidareført med likt innhald.

Du finn nasjonale anbefalingar på Helsenorge sine sider. Regjeringa og helsestyresmaktene meiner alle bør følge anbefalingane sjølv om dei ikkje er forskriftsfesta.

Til toppen