Laurdag 28. november
Ålesund kommune har fredag kveld fått melding om at to personar har testa positivt for koronavirus. Begge er i innreisekarantene etter reise i utanlandet der dei har vore i kontakt med andre som har vore smitta. Begge har lette symptom og er i isolasjon. Det er ingen nærkontaktar i Ålesund. Det vert sett i verk smittesporing på flyreise.
Fredag 27. november
Eitt nytt tilfelle av koronavirus i Ålesund
Ålesund kommune fekk torsdag ettermiddag melding om at ein russisk fiskar som nyleg testa seg ved grensepassering i Finnmark, har testa positivt for koronavirus. Vedkomande er symptomfri. Han var del av mannskapsbyte og han har reist direkte til trålaren som låg ved kai i Ålesund. Det nye mannskapet har vore i innreisekarantene på eigen lugar.
Det vert utført smittesporing på flyreise og vedkomande har ikkje hatt nærkontakt med nokon i Ålesund så langt ein kjenner til, seier kommuneoverlege Olav Mestad.
Vedkomande er tatt i land og vert ivaretatt i isolasjonsbustad. Trålaren «MS MYS CHIKHACHEVA» reiste torsdag kveld frå Ålesund, og har gått ut i internasjonalt farvatn. Ingen frå mannskapet på båten har vore i land i Ålesund.
Status andre tilfelle:
Det er ikkje påvist fleire smittetilfelle ved offshorefartyet MS Larissa. Smitta og mannskap vil vere ute av isolasjon og karantene i løpet av helga.
MS North Sea Giant har reist frå Ålesund etter at mannskap og nærkontaktar var ferdig med karantene sist veke. Til saman 14 personar vart smitta på denne båten. Fleire av dei smitta er friske og ute av isolasjon, medan nokre framleis er i isolasjon og får medisinsk oppfølging i Ålesund.
Søndag 22. november, klokka 22.30
Det er registrert nok eit tilfelle av korona i Ålesund søndag kveld.
Det er snakk om ein arbeidar som har kome frå utlandet, og som har vore i karantene sidan vedkommande kom til Noreg. Det er ikkje mistanke om vidare smitte.
Søndag 22.november
Det er søndag registrert eitt nytt tilfelle av korona i Ålesund.
Vedkommande har kjend smittekjede og smitteoppsporing er gjennomført. Alle aktuelle nærkontaktar er sett i karantene, og det er ikkje mistanke om vidare smitteføring, opplyser kommuneoverlege Jonas Vegsundvåg.
Vedkommande er elev ved Fagerlia vidaregåande skole, og er nærkontakt til to tidlegare smitta elevar ved skolen.
Laurdag 21, november
Fem nye smitta. Tre av tilfella er knytt til utbrotet på North Sea Giant. Eitt tilfelle er knytt til offshorefartyet MS Larissa. Frå før har to frå dette mannskapet testa positivt. Det siste tilfellet er knytt til arbeidsinnvandring.
Det er ikkje sannsynleg at nokon av desse tilfella har ført til smittespreiing. Smitteoppsporing er gjennomført og aktuelle nærkontaktar sett i karantene.
Torsdag 19. november
Ålesund kommune fekk torsdag 19.11 melding om at to personar, av eit mannskap på 25, om bord på Offshorefartøyet MS «Larissa» har testa positivt for koronavirus.
Den eine prøven var usikkert positiv og blir kontrollert i morgon. Dei to som har testa positivt, har per i dag ingen symptom. Dei smitta er i isolasjon på eige dekk på båten. Resterande mannskap har testa negativt og er i smittekarantene. Dei blir testa på nytt over helga. Skipet kom frå Nederland. Der er både norsk og utanlands besetning om bord. Ingen på skipet har lov til å gå i land.
Skip og reiarlag har gode rutinar for å hinder smittespreiing. Dette inkluderer at det ikkje er landlov. Det vil seie at ingen frå skipet har vore på land sidan dei kom til Ålesund, og ingen på skipet har lov til å gå i land før nye testresultat kjem. Dette er avtalt i samråd med kommuneoverlegen i Ålesund, seier Chief Executive Officer i Golden Energy Offshore, Per Ivar Fagervoll.
Onsdag 18. november
Ålesund kommune fekk seint tysdag kveld melding om at ein person som var definert som nærkontakt i samband med utbrotet ved North Sea Giant har testa positivt for koronavirus. Vedkomande testa negativt ved første prøve, utvikla symptom og testa så positivt. Vedkomande er i isolasjon og vert tatt hand om av reiarlaget og Ålesund kommune.
Alle andre prøver tatt på resten av besetningen på North Sea Giant måndag er negative. Dei som har fått påvist Covid-19 er flytta til eige bustadhotell for vidare isolasjon. Mannskapet er framleis i smittekarantene og vert testa på nytt mot slutten av veka.
I løpet av måndag og tysdag har Ålesund kommune testa mannskap på to fiskefartøy som hadde personar om bord med symptom som kunne være Covid-19. Alle desse prøvene er negative.
Tysdag 17. november
Ålesund kommune fekk seint i går kveld, måndag 16.11, melding om at ein person har testa positivt for koronavirus. Vedkomande er nærkontakt og var allereie i karantene.
Svar på testane som vart tatt på resterande besetning ved North Sea Giant, kommer ikkje før tidligast i dag tysdag.
Søndag 15. november
Ni nye smitta registrert søndag. Det er registrert ni nye tilfelle av koronasmitte i Ålesund søndag. Åtte av tilfella er knytt til skipet M/S Sea Giant. Fredag 13. november søkte M/S North Sea Giant, med 63 mann om bord, hamn i Ålesund fordi dei hadde ein person om bord som hadde fått vite at han var nærkontakt med ein med koronasmitte, og måtte testast. Vedkomande testa positivt 13/11.
Ein til frå mannskapet fekk symptom natt til laurdag og testa positivt same dag. I dag, søndag, har Ålesund kommune fått melding om at åtte av 24 nærkontaktane som vart testa i går, har testa positivt.
Alle har vore i karantene på karantenehotell og er no i isolasjon. I alt 10 personar frå mannskap og besetning på North Sea Giant har dermed så langt testa positivt for koronavirus.
Ålesund kommune vil halde fram med å teste alle dei resterande i mannskapet i morgon. Mannskap som ikkje er isolert, er i smittekarantene. Det skal ikkje vere risiko for smittespreiing ut over mannskapet på skipet.
I tillegg har kommunen fått melding om ein ny person som vart testa laurdag, vart stadfesta positiv i dag. Vedkomande har symptom og er i isolasjon. Smittevegen er kjend.
Laurdag 14. november
To nye smitta i Ålesund. Ålesund kommune fekk seint fredag kveld meldt eit nytt smittetilfelle med koronavirus i Ålesund. Vedkomande er nærkontakt av tidlegare kjend smitte, var i karantene då smitta vart påvist. Vedkommande er no sett i isolasjon. Den smitta har berre milde symptom, melder kommuneoverlege Olav Mestad.
I løpet av laurdagen er det påvist eitt nytt smittetilfelle ved skipet «MS North Sea Giant» som ligg til kai i Ålesund. I går testa ein person i mannskapet positivt for koronavirus. I løpet av dagen har teststasjonen i Ålesund, i samarbeid med smitteteamet, testa 25 nærkontaktar til vedkommande.
Av desse hadde ein person fått symptom. Personen er testa og har fått påvist smitte med koronavirus.
Skipet har eit mannskap på 63. Det er no påvist to smittetilfellet ved skipet, og dei andre er no sett i karantene.
Nokre få personar har karantene om bord i skipet. Dette er kritisk mannskap som er nødvendige for å ta vare på skipet.
Dei andre vert flytta til karantenehotell, og vert testa så snart det er mogleg å gjennomføre dette, melder kommuneoverlege Olav Mestad.
Fredag 13. november klokka 22.00
Ålesund kommune fekk fredag ettermiddag stadfesta at ein av mannskapet ved skipet North Sea Giant er smitta med koronavirus. Smittevernteamet har i samarbeid med helsepersonell om bord definert 24 nærkontaktar.
Den smitta er i isolasjon på land og nærkontaktar vert sett i karantene og vil bli testa. Skipet vert liggande i Ålesund inntil situasjonen er avklart.»
Fredag 13. november kl. 15.20:
Eit ektepar som har reist inn frå rødt land har begge testa positivt for korona ved grensepassering. Dei har vore i karantene og er no isolasjon. Det er ingen definerte nærkontaktar.
Fredag 13. november:
Seint torsdag kveld fekk Ålesund kommune meldt eit nytt smittetilfelle. Vedkomande er gjestearbeidar og nærkontakt kjend smittetilfelle. Dei to smitta er del av ei gruppe på 11 personar som kom til Noreg frå flyplass på Austlandet.
Dei smitta er sett i isolasjon og resten av gruppa i smittekarantene. Dei vert følgt opp av oppdragsgivar, helsepersonell og smittevernteamet i Ålesund.
Torsdag 12. november:
Ålesund kommune fekk seint onsdag kveld melding om to nye smittetilfelle med koronavirus:
- Ein person testa positivt etter å ha hatt lette symptom som samsvarar med koronavirus. Nærkontaktar er sett i karantene. Smittekjelda er førebels ukjend.
- Ein person som var sett i karantene i samband med påvist smitte på trålaren Sunderøy, har testa positivt på koronavirus og er no i isolasjon. Vedkomande har ikkje symptom og testen blir kontrollert. Dei andre som var i karantene har testa negativt på alle prøver.
Onsdag 11. november kl 20.30:
Tilleggsinformasjon om smittetilfelle hos Colosseum Tannlege Moa
Ein tilsett hos Colosseum Tannlege Moa testa positivt for korona i helga. Smittetilfellet er meldt tidlegare.
Tilsette og pasientar ble sett i karantene laurdag og søndag, dette gjeld totalt tre tilsette og cirka 40 pasientar.
-Colosseum Tannlege har oversikt over tilsette og pasientar som er involvert i saka, og har gitt all informasjon vedrørande smittesporinga til kommunen sitt smittesporingsteam. Vi vil støtte kommuneoverlegen i hans arbeide, seier Hege Mittet, regionsjef i Colosseum, for Midt- og Nord-Norge.
Eitt nytt tilfelle i kveld
Seint onsdag kveld 11. november har det kome eit nytt tilfelle av korona. Vedkomande er nærkontakt til tidligare meldt tilfelle i denne saka. Sula kommune meldte i går om eitt tilfelle som er knytt til denne saka.
Onsdag 11. november:
I dag, onsdag 11.11, har Ålesund kommune fått meldt om at ein gjestearbeider har testa positivt ved innreise til Ålesund via lufthamn på Austlandet. Vedkomande er i isolasjon og reisefølgjet på i alt ni personar er sett i karantene. Måndag og tysdag denne veka vart til saman 600 personar testa ved teststasjonen til Ålesund kommune på Åse.
Måndag 9. november kl. 23.00:
To personer med knytt til Ålesund Tennisklubb har i dag testa positivt på koronavirus. Begge er sett i isolasjon.
Smitteteamet arbeider med smittesporing. Dette fører til at ei 5. klasse ved Hatlane barneskole er sett i karantene.
Måndag 9. november:
Ålesund kommune fekk søndag 8. november melding om eitt nytt smittetilfelle med koronavirus. Det gjeld ein person som har testa positivt når han kom til Ålesund lufthamn. Vedkomande gjekk rett i karantene og er no i isolasjon.
Det er så langt ikkje meldt om fleire smittetilfelle relatert til Ålesund Tennisklubb. Alle nærkontaktar er sett i karantene. Ålesund kommune vil halde fram med testing av nærkontaktar i dag.
Laurdag 7. november, kveld
Ålesund kommune har i laurdag ettermiddag fått meldt to nye smittetilfelle av korona.
Ein ny person i Ålesund er stadfesta smitta av koronavirus laurdag ettermiddag. Vedkomande er nærkontakt til anna person som er smitta. Smitteteamet arbeider med smittesporing i begge dei to tilfella. Det er to personar knytt til Ålesund Tennisklubb som har fått påvist smitte. Tennishallen er no stengd for aktivitet. Det eine smittetilfellet vart meldt tidlegare i dag.
-Dei som har trena i Ålesund tennisklubb dei siste to vekene, vert oppmoda til å teste seg måndag, anten ein har symptom eller ikkje. Dersom ein har symptom, må ein gå i isolasjon og be om test, seier kommuneoverlegen Olav Mestad.
Samstundes er ein person som sit i innreisekarantene i Ålesund fekk stadfesta smitte med koronavirus då kan kom til landet. Han er no sett i karantene og har ingen nærkontaktar.
Laurdag 7. november, formiddag
Seint fredag kveld fekk Ålesund kommune melding om to nye smittetilfelle med koronavirus.
•Ein person testa positivt etter få dagar med symptom. Vedkomande er i isolasjon og nærkontaktar er sett i karantene og vil verte testa. Smitteteamet arbeider med smittesporing. Førebels er smittekjelda ukjend.
•Ein utanlandsk arbeider testa positivt etter opphald i heimlandet. Vedkomande har vore i karantene og er no i isolasjon. Det er her ingen nærkontaktar.
Fredag 6. november, kveld
Ålesund kommune fekk fredag kveld stadfesta tre nye tilfelle av koronasmitte i kommunen. To av dei er nærkontaktar med tidlegare smitta, og vart sett i isolasjon då dei utvikla lette symptom. I tillegg er det stadfesta smitte hos ein gjestearbeidar som allereie satt i karantene. Vedkommande er no i isolasjon.
Fredag 6. november:
Ein tilsett ved augeseksjon på sjukehuset i Ålesund har testa positivt på Covid19 torsdag 5. november. Den tilsette har hatt nærkontakt med fleire kollegaer og pasientar, men hadde ingen symptom på sjukdom før onsdag ettermiddag, og har ikkje vore på arbeid etter dette, står det vidare.
Totalt er 18 tilsette og 20 pasientar sett i karantene og vil bli følgt opp. Arbeid med oppfølging er i gang i samarbeid med kommuneoverlegane i kommunane der pasientane og dei tilsette bur. Augeseksjonen i avdeling for kirurgi blir no stengd inntil vidare. Molde sjukehus har vaktberedskap for akutthjelp for augepasientar i denne perioden.
Torsdag 5. november:
Ålesund kommune har i dag torsdag fått informasjon om at ein nærkontakt av ein som er tidlegare smitta av koronavirus har testa positivt. Vedkommande var i karantene og vert no isolert.
Onsdag 4. november:
Ålesund kommune har seint tysdag kveld, 3.11, og onsdag 4.11, fått melding om til saman 12 nye smittetilfelle av koronavirus.
- Ein person har testa positivt etter opphald i heimlandet. Familien er sett i karantene.
- Ein gjestearbeidar som er i karantene har fått påvist koronavirus, smitteteamet arbeider med oppfølging.
- Ein familie på to personar har fått påvist smitte etter innreise til Ålesund. Nærkontakt er óg smitta og alle er i isolasjon. Nærkontaktar er sett i karantene. Vedkomande som sist vart smitta, arbeider ved NAV Ålesund.
- Det er påvist smitte hos fem nye gjestearbeidarar i ei gruppe på 17 som kom til Ålesund den 30. oktober. Dei som har fått påvist smitte er i isolasjon, og dei andre er i karantene.
- Ein person som kom til Ålesund med båt frå raudt land har fått påvist smitte av koronavirus. Vedkomande er isolert og dei andre i mannskapet er i karantene. Arbeidarar som har jobba på båten er isolert frå besetninga, og har avslutta sitt arbeide. Dei er ikkje definert som nærkontaktar.
- Ein elev ved Fagerlia videregåande skole har testa positivt på korona. Personen har vore i karantene sidan måndag i førre veke, på grunn av nærkontakt med anna smitta. Det er ikkje risiko for vidare smitte ved Fagerlia videregåande skole.
Tysdag 3. november:
Tysdag 3. november har Ålesund kommune fått melding om to nye tilfelle av koronavirus.
Det er to gjestearbeiderar som har kome løpet av helga som har testa positivt på korona. Vedkommande har vore i karantene fram til prøveresultat måndag, og deretter i isolasjon. Dei har følgt smittevernreglane og ein mistenker ikkje vidare smitte i samfunnet.
Nærkontaktar er sett i karantene.
Måndag 2. november 08.30:
Ålesund kommune fekk seint søndag kveld melding om eitt nytt smittetilfelle av covid-19 i kommunen. Ein polsk gjestearbeidar har testa positivt for koronaviruset. Vedkommande er i isolasjon og smittesporing gjennomført. Det er ikkje mistanke om at vedkommande har smitta andre.