Innsyn er oppe igjen

Postlister, møteplan og Innsyn er nå tilgjengeleg igjen. Dei tekniske feila er retta. 

Helsestasjon og gravide

Helsestasjonstenester

Helsedirektoratet har gitt oss føringar for smittevernstiltak under koronapandemien. Tenestene våre vil framleis gjere nokre prioriteringar for kva oppmøtekonsultasjonar vi kan tilby. Nokre gruppekonsultasjonar går ut.

Helsestasjonstenestene skal vere ein trygg plass å komme til og vi har stort fokus på hygiene og reingjering. Vi har planlagt drifta for å unngå at mange ventar samtidig i ventesona. 

 Vi ber deg om å følgje desse reglane når du besøker oss

  • Barn, ungdom og foreldre som kjem til helsestasjonen eller til skolehelsetenesta må vere friske, dvs. ingen teikn til forkjøling, sår hals, hoste, feber eller diaré. Om du ikkje er frisk, ta kontakt for å avtale ny time. 
  • Kun éin vaksen kan følge barnet/ungdommen. Unngå å ha med søsken. Gravide skal komme åleine. Det kan gjerast unntak etter avtale med helsesjukepleiar.
  • Bruk handdesinfeksjonsmiddel med ein gong de kjem eller vask hendene (gjeld òg barn frå 1 års alder).
  • Møt opp til avtalt time dersom du ikkje har høyrt noko anna.
  • Opphald deg så kort tid som mogleg på helsestasjonen/skulen og hald minst 1 meters avstand til andre. Ver rask når du skal gå og unngå å opphalde deg i ventesona.
  • Vi har rydda bort alle leiker, så vi ber om at du tar med eigne.

Gravide i Ålesund kommune som har spørsmål knytt til utbrotet av korona, kan ta kontakt med jordmortenesta ved sin helsestasjon:

  • Brattvåg/Lepsøy helsestasjon tlf. 916 38 866
  • Haramsøy helsestasjon tlf. 478 65 304
  • Vatne helsestasjon tlf. 481 31 964/ 952 25 623
  • Harøy helsestasjon tlf. 480 91 888
  • Skodje helsestasjon tlf. 915 87 437/476 27 943
  • Ørskog helsestasjon tlf. 480 30 634 / 909 39 421
  • Sentrum helsestasjon tlf. 70 16 43 20
  • Moa helsestasjon tlf. 70 16 45 40
  • Blindheim helsestasjon tlf. 70 16 40 20

Telefonane er betjente alle kvardagar klokka 0830-1500
Ved behov for legevurdering tar du kontakt med fastlege, eventuelt legevakta på telefon 116117.


Alle som kjem på helsestasjonen skal ha ein avtale. Helsestasjonen gir beskjed om avtalar som blir avlyst.

 

Helsestasjon for ungdom (HFU) er ope for timebestillingar – ikkje drop in. Send SMS dersom du ikkje får svar, og vi ringer tilbake.

  • HFU Moa på tlf. 408 23 517 - følg oss på Facebook
  • HFU Brattvågen på tlf. 478 65 304 / 950 98 748 - følg oss Facebook
  • Følg oss på Snapchat - hfuaalesund 

Klikk for stort bilde 

Til toppen