Koronaviruset

På vår temaside om koronavirus  finn du siste informasjon om koronaviruset, tiltak vi gjer i kommunen og kva dette betyr for deg. Ålesund kommune tilbyr testing for personer med symptom på koronavirus (covid-19) ved teststasjonen på Åse.  Information about corona in other languages. 

Endring i andre kommunale tenester

Endring i andre kommunale tenester

Mange av kommunen sine tenester og tilbod vil ha avgrensa opningstid, eller halde stengt på grunn koronatiltaka. Fleire tenester vil òg bli gjort annleis. Kommunen må prioritere nødvendig infrastruktur og helse- og omsorgstenester. 

Vigslar

For å bidra til framleis avgrensing av koronasmitte i samfunnet, blir vigslane i seremoniromma i Ålesund gjennomført på ein litt anna måte enn vanleg.

Vi ber om at det blir tatt omsyn til Helsedirektoratet sine anbefalingar om å halde avstand, god handhygiene og at sjuke personar held seg heime.

Dersom nokon i brudefølget, brudepar eller gjestar, har luftvegssymptom eller er usikre på om dei kan vere smitta av korona, kan dei ikkje kome til seremonirommet. Ta kontakt om det er behov for ny tid for vigselen.

Brudefølget kan bestå av eit maksimalt antal personar. I seremonirommet i Korsegata 6 i Ålesund, kan ein no vere maksimalt 50 personar inkludert brudepar og vitne.
Ta kontakt med innbyggartorga for informasjon om kva som gjeld ved dei andre vigselslokala.

Det blir grundig reingjort mellom vigslane.

Brudeparet må ha oversikt over kven som er til stades for å kunne hjelpe kommunen ved ei eventuell smittesporing seinare.

Besøk på omsorgssenter og butenester

I mai vart det òg nye nasjonale smittevernråd som gjeld besøk i kommunale helse- og omsorgsinstitusjonar. Dette inneber at ein opnar meir opp for besøk til pasientar på  sjukeheimar og bukollektiv.

Frå 29. juli. gjeld nye endringar i "Besøksrutine ved sjukeheim ved COVID-19".

 

Sjå rutinar for besøk på omsorgssenter og butenester her. 

 

Hugs å ta kontakt før du kjem på besøk.

Kafédrift

På grunn av fare for koronasmitte, har kriseleiinga i Ålesund kommune bestemt at kafédrifta ved alle omsorgssenter i kommunen blir stengt. Produksjonen av mat fortset.

Det blir arbeidd med oppskalering av matproduksjonen for å hjelpe til med matleveransar der kommunen har eit særleg ansvar.

NAV stengt

Grunna situasjonen rundt koronaviruset, er publikumsmottaket til NAV stengt for alle førespurnader, bortsett frå naudhjelp. 

Naudhjelp

Dei som treng naudhjelp skal ringe: 413 07 542.Her svarar NAV mellom klokka 10-15 alle kvardagar. Onsdag 8.april er det opent frå 10 - 12.

Vanlege spørsmål til NAV

NAV.no har opent hele døgnet, her kan du:

  • Søke sosialhjelp
  • Sende søknader
  • Registrere deg som arbeidssøker
  • Finne ledige stillinger
  • Skrive til oss på Ditt NAV
  • Sjekke utbetalinger

Du kan også ringe NAV sin ordinære telefon 55 55 33 33, som er open klokka 08.00 – 15.30

Til toppen