Koronaviruset

På vår temaside om koronavirus  finn du siste informasjon om koronaviruset, tiltak vi gjer i kommunen og kva dette betyr for deg. Information about corona in other languages.

Barnehage, skole og SFO

Barnehage, skole og SFO

For alle barn, foreldre og tilsette vil kvardagane framover vera annleis enn normalt. Barnehagane og skulane skal drive i tråd med ulike krav om smitteverntiltak frå helsestyresmaktene. (oppdatert 19.mai)

  • Barnehagar: Dei fleste barn er no tilbake i barnehagen. Dei er organisert i leikegrupper på tre og seks barn i kvar gruppe, avhengig av alder.   
  • Barneskular/ungdomsskular: Alle elevane har no eit tilbod der dei to eller fleire dagar er på skulen. Dei andre dagane har dei heimeundervisning eller uteskule. 
  • SFO: Er ope så langt det er mogleg utfrå smittevernhensyn. Ikkje alle SFO har full opningstid.  

For 1-4. trinn er alle elvane anten på skule eller uteskule. Barn av helsepersonell og anna kritisk personell kan få utvida tilbod om SFO, barnehage. Også barn med særskilte behov, kan få ekstratibod.

Elevar som anten er i risikogruppa for alvorleg sjukdom, eller i nær familie med personer med alvorleg sjukdom, har framleis heimeskule.

 

Sjå nasjonal rettleiar for smittevern, beredskap og krisehandtering for barnehagar,barneskular, ungdomskular og vidaregåande skular

 

Dei tre grunnpilarane for å hindre smittespreiing er:

  • Personal og barn som er sjuke skal ikkje vere i barnehagen.
  • God hygiene.
  • Redusert kontakt mellom personar. 

Ut frå desse tiltaka vil barnehagedagane bli annleis enn dei brukar å vere. Alle føresette har fått denne informasjonen tilsendt og vi oppfordrar til å lese presentasjonen av veilederen. (PDF, 95 kB) 

 

Vi skal fortsatt hindre smittespreiing

No når barnehagane og skulane har opna, er det viktig at føresette bidreg til å hindre spreiing av koronavirus. Vi skal ikkje slappe av sjølv om samfunnet blir opna meir opp.

Det aller viktigaste tiltaket du som føresett kan gjere er å sjå til at barnet ditt ikkje går på barnehage, skule eller SFO med symptom på luftvegsinfeksjon. Sjuke personar skal halde seg heime til dei har vore symtomfri i eitt døgn. Føresette som har symptom eller er i karantene skal heller ikkje levere eller hente barnet på barnehage, skule eller SFO. Dernest kan du bidra til forsterke hygienetiltak og sjå til at barnet ditt leikar med dei same heime som dei leikar med på barnehage og skule.

Forsterka hygienetiltak: 

  • Barnet kan gjerne ete frukost heime om mogleg.
  • Både du og barnet ditt vaskar hender før reise til barnehage og skule.
  • Både du og barnet ditt vaskar hender eller bruker handdesinfeksjonsmiddel ved tilkomme til barnehagen.
  • Snakk med barnet ditt om håndvask og hostehygiene og kvifor det er viktig. Sjå artikkel om korleis forebygge smitte på Helsedirektoratet si heimeside.
  • Både du og barnet ditt vaskar hender før reise frå barnehage og skule.
  • Både du og barnet ditt vaskar hender eller bruker handdesinfeksjonsmiddel ved heimkomst.
  • Unngå handhelsing, klemming og hald 1-2 meters avstand til andre ved levering og henting. Vær så rask som mogleg i leverings- og hentesituasjonen, ikkje bruk meir enn 10 minutt, og unngå å stoppe opp berre for å prate.
  • Ikkje tillat at barnet har med eigne leike på barnehage og skule.

Smittebegrensende tiltak som blir gjord i befolkninga generelt og elles i samfunnet er vesentleg for å hindre smittespreiing i barnehagar og skular, så hald fram med å følgje anbefalte råd til befolkninga.

Rett til plass i omsorgstilbud

Foreldre som kvalifiserer for et omsorgstilbud på grunn av arbeidet sitt med samfunnskritiske funksjoner, må levere ei stadfesting med dokumentasjon fra arbeidsgiver. Ta kontakt med din skole eller barnehage for mer informasjon. 

Avlyst eksamen for 10. trinn og elever på vidaregående skoler

Regjeringa har vedtatt å avlyse alle skriftlege og muntlige eksamener på 10. trinn og alle skriftlige eksamener i videregående skole våren 2020.  Alle elever får vitnemål selv om eksamen blir avlyst.

Sjå meir om hva dette betyr i eigen artikkel.

 

Til toppen