Koronaviruset

Her finn du siste informasjon om koronaviruset, tiltak vi gjer i kommunen og kva dette betyr for deg. Vår informasjonstelefon om korona 70 16 40 60 er betjent frå klokka 08.30 - 15.30 alle dagar. 

Gå til temaside om koronaviruset.

Information about corona in other languages.

Vil du bidra eller treng du bistand?

 

Barnehage, skole og SFO

Barnehage, skole og SFO

Alle barnehagar og skolar i Ålesund kommue er stengt i perioden fredag 13. mars og fram til etter påske om ikkje anna beskjed blir gitt. Skolene vil legge til rette for at elevane får opplæring i heimen. Elevane og føresette får beskjed frå sin skole korleis dei legg opp dette.

Stenginga gjeld:

  • barne- og ungdomsskolar – private og kommunale

  • private og kommunale barnehagar

  • alle vidaregåande skolar i Ålesund kommune

  • kulturskolar

  • SFO

  • Newtonrommet

  • Voksenopplæringa

Skolane og barnehagane er likevel open for nokre elevar

Kommunen har eit omsorgstilbod for barnehagebarn og elevar frå 1.-4. trinn med foreldre som jobbar med kritiske samfunnsfunksjonar. Det er òg eit tilbod for barn og elevar med særlege omsorgsbehov. Dette gjeld i den perioden barnehagane og skolane er stengde.

Sjå kven dette gjeld og hald deg oppdatert på Udir si heimeside.

Rett til plass i omsorgstilbod

Foreldre som kvalifiserer for eit omsorgstilbod på grunn av arbeidet sitt med samfunnskritiske funksjonar, må levere ei stadfesting med dokumentasjon frå arbeidsgivar. Dokumentasjonen må leverast skolen/barnehagen frå måndag 16. mars. Retten gjeld foreldre der begge har eit arbeid som har ein samfunnskritisk funksjon, eller der ein eineforsørgar har eit slikt arbeid

  • Barnehage
    Omsorgstilbodet skal tilbys innanfor barnehagen sin ordinære opningstid.

  • Skole
    Omsorgstilbodet for småtrinnet skal foregå innanfor skole og SFO i den ordinære opningstida. Det betyr at elevar som ikkje har plass på SFO, ikkje får plass i omsorgstilbodet i SFO opningstida si. Elevane får same opplæringstilbod som elevane heime  

  • Barn med særlige omsorgsbehov
    Det er i første omgang føresette som må vurdere bruk av tilbodet opp mot barnet og eleven sin omsorgsbehov.

  • Barnehage
    Barrnehager med barn som treng ekstra hjelpetiltak og tilsyn, skal få eit omsorgstilbod for desse barna. Dette gjeld multifunksjonshemmede barn og barn med andre spesielle utfordringar.

  • Skoler med forsterka avdeling skal tilby eit omsorgstilbod for desse elevane i dei tilfella der føresette har behov for det. På skular utan forsterka avdeling skal det givast eit tilsvarande tilbod i skulens og SFO opningstida si. Tilbodet gjeld:

    • 5.-7.trinns elever som har plass på SFO,

    • Elever på 1.-4.trinn som vil kvalifisere til SFO-plass fra 5.trinn.

      Ein skal tilby omsorgstilbodet i skolen og SFO/UFO si åpningstid.

Inga betaling for SFO og barnehage

Foreldre slepp å betale for barnehage og SFO så lenge tilbodet er stengd grunna koronautbrotet og frå den datoen kommunen stengde tilbodet.

Fakturaen som er utsend har forfall 20. mars. Perioden 13.03.20 – 31.03.20 blir anten betalt tilbake tidleg i april eller godskriven ved neste fakturering. Den tekniske løysinga for tilbakebetaling er enno ikkje klar og er årsaka til at kommunen ikkje kan gje eksakt informasjon om korleis tilbakebetalinga skal skje.

Avlyst eksamen for 10. trinn og elevar på vidaregåande skular

Regjeringa har vedtatt å avlyse alle skriftlege og munnlege i eksamenar på 10. trinn og alle skriftlege eksamenar i vidaregåande skule våren 2020.  Alle elevar får vitnemål sjølv om eksamen blir avlyste. Sjå meir om kva dette betyr i eigen artikkel.

Til toppen