Last ned appen SmittestoppSmittestopp er ein app frå Folkehelseinstituttet (FHI). Den skal bidra til å hindre at koronaviruset spreier seg i samfunnet. Den er heilt frivillig å bruke. Appen har 16-års aldersgrense. Slik fungerer appen: Dersom ein person med koronavirus gir beskjed gjennom Smittestopp, får du melding om du har vore i nærleiken av vedkommande. Dersom du sjølv blir smitta, kan du gjere det same. Dermed kan appen vere med å hindre at fleire blir sjuke. Sjå video om korleis appen fungerar: Smittestopp: Slik fungerer appen (1:07 minutt, 1:1-format) frå Folkehelseinstituttet on Vimeo. Her kan du laste den ned: Appen er tilgjengeleg på både Google Play og App Store. For å sikre personvernet, kan ingen app-brukarar sjå kor eller når ein har vore i kontakt med ein smitta. Appen formidlar ikkje denne typen opplysningar om andre. Her finn du meir informasjon om korleis du skal laste ned appen Sist endra05.01.2021 10.25