Koronasmitte i Ålesund

Truleg omikronsmitte på Åse skole

Illustrasjon av koronaviruset - Klikk for stort bilete Kommuneoverlegen i Ålesund kommune har fått stadfesta sannsynleg omikronsmitte i det pågåande smitteutbrotet ved Åse skole. Foreløpig dreier det seg om eitt bekrefta tilfelle av sannsynleg omikronsmitte, men alle relaterte smittetilfelle bør oppfattast som omikronsmitte inntil vidare. 


Mann som smiler mot kamera. - Klikk for stort bileteAlexander Wiig er ny kommuneoverlege i Ålesund privat   - Kommunen melde tidligere i dag førre vekes smittetal. Der kunne ein lese om eit pågåande utbrot som raskt har spredt seg til dei fleste klassetrinn ved Åse skole. Kommunen oppmodar alle til å strengt halde seg til  isolasjonsplikt og karanteneplikt, seier kommuneoverlege Alexander Wiig. 

Ikkje noko dramatikk


Det blir understreka frå kommuneoverlegen at det ikkje er nokon uventa situasjon og såleis ikkje ei dramatisk vending. 

-    Dette utbrotet indikerer at vi framover vil måtte forhalde oss til eit enda meir smittsamt koronavirus også i vår region. Det er svært viktig at vi alle er ekstra påpasselege med dei vante smittevernrutinane, og at vi respekterer dei nasjonale reglane for kor mange nærkontaktar ein kan ha i jula, seier Wiig. 
 

Til toppen