Koronasmitte i Ålesund

Smittetilfelle onsdag 17. november

Ålesund kommune fekk totalt 38 nye smittetilfelle med PCR-test onsdag 17. november. Av desse er 14 fullvaksinerte, 18 er barnehage/skoleelevar (født 2003 eller seinare). 4 av dei er over 65 år (født 1956 eller tidlegare).

Status sjukeheim/institusjon

Det er ikkje meldt om fleire smittetilfelle knytta til Åse helsehus. Ein tilsett ved Hatlane omsorgssenter har testa positivt for koronavirus. Det blir jobba med testing og vidare kartlegging av eventuell smitte i institusjonen.

Til toppen