Koronasmitte i Ålesund

Smittetilfelle måndag 15. november

Ålesund kommune fekk måndag 15. november bekrefta 30 nye smittetilfelle.

Blant dei smitta er:

  • to med ukjend smitteveg
  • 16 uvaksinerte
  • 14 fødd etter 2003
  • ein er fødd før 1965

Merk at fleire kan høyre til meir enn ei gruppe som er ramsa opp, talet på smitta er framleis 30.

Nokre PCR-testar frå 8. november har gitt feil resultat – dette er retta

Åtte personar fekk tilbakemelding om positiv test, desse var ikkje smitta. To fekk svar om negativ test, desse var smitta med koronavirus.

- Det skjedde ein teknisk feil då testsvara skulle overførast. Personane det gjeld har direkte kontakt med smittesporingsteamet. Vi vurderer at hendinga ikkje vil ha konsekvensar for smittespreiing i kommunen. Mikrobiologen i Molde opplyser at feilen er retta, seier kommuneoverlege Eirin Steinsvik.

Til toppen