Koronasmitte i Ålesund

Smittetal søndag 21. november og smittetilfelle veke 46

Søndag 21. november fekk Ålesund kommune inn 5 positive PCR-testar. Fleire hurtigtestar var også positive.

Dei 5 positive koronatilfella kommunen fekk inn søndag, er rekna med i totaltalet smitta for veke 46 (15. -  21. november).

Totalt smittetal i veke 46 er 178. Av desse er:

  • 91 smitta som er fødte etter 2003
  • 10 smitta er over 65 år
  • 101 smitta er uvaksinerte

Merk at ein smitta kan vere registrert i fleire kategoriar.

Til toppen