Koronasmitte i Ålesund

Smittetal måndag 22. november

Ålesund kommune fekk måndag 22. november meldt 37 bekrefta smitta med koronavirus. Dei aller fleste av desse hadde på førehand testa positivt på hurtigtest gjennom helga. I tillegg er det meldt inn i underkant av 30 positive hurtigtestar.

Av dei 37 bekrefta smitta er:

  • 16 i barnehage- eller skolealder
  • 3 er over 65 år  
  • 17 av 37 er uvaksinerte

Merk at ein smitta kan vere registrert i fleire kategoriar.

Smittevegane er stort sett kjente.

Smittesporingsteamet ber om forståing for at det i periodar med høgt smittetrykk kan vere vanskeleg å ringe alle som er smitta og oppfordrar alle til å søke svar på på kommunens nettsider når det gjeld oppdatert informasjon om isolasjons- og karantenereglar og også korleis testinga skal gjerast .

Kommuneoverlege Olav Mestad ber også folk vere merksame på reglane i Ålesund:

Ålesund har ei lokal forskrift som ligg ute på nettsidene. Forskrifta gir for eksempel plikt om karantene for husstandsmedlemmar og tilsvarande nære. Dersom smitten kjem inn i ein husstand, blir dei fleste smitta anten dei er vaksinerte eller ikkje, men det er  færre enn tidlegare som blir alvorleg sjuke både fordi dei er unge og fordi dei er beskytta med vaksine.  

Lenke til informasjon om gjeldande reglar og testing:

Testing for koronavirus - Ålesund kommune (alesund.kommune.no)

Til toppen