Koronasmitte i Ålesund

Smittetal for torsdag 18. november

Ålesund kommune fekk meldt 38 nye smittetilfelle av koronavirus torsdag 18. november.

  • 26 av desse er del- og uvaksinerte
  • 29 av dei er nærkontakt
  • 21 av dei er barnehagebarn/skoleelevar (født 2003 eller seinare)
  • 3 av dei er over 65 år (født 1956 eller tidlegare)

Smitte i skolar

Lerstad skole har smitte knytt til 4. trinn og nærkontaktar er anbefalt test.

Etter første runde med testing i alle skolane i går er det avdekka 11 smittetilfelle. Tilfella er som forventa spredt på fleire skolar i kommunen.

- Det har vore spørsmål om 12 til 15 åringar med 1. dose blir rekna som  fullvaksinert og dermed ikkje skal delta i testinga. Vi ønsker at personar med 1. dose deltar på lik linje med andre elevar. Unntaket gjeld barn yngre enn 5. trinn, dei som allereie har vore smitta og elevar som har fått 2. vaksinedose, seier kommuneoverlege Eirin Steinsvik.

Til toppen