Koronasmitte i Ålesund

Smittesituasjonen i Ålesund onsdag 24. november

46 smitta i Ålesund kommune onsdag 24 . november. Kommuneoverlegen ber folk om å lese kva reglar som gjeld for testing.

Alderssamansetting:

  • 17 av dei er under 18 år
  • 28 er mellom 18 og 65
  • Ein er over 65 år

Over halvparten av dei smitta er vaksinerte. For to er status ukjend.

To har fått påvist smitte etter reise. Smittevegen er kjend for dei aller fleste.

Kommuneoverlege Olav Mestad ber alle om å hugse smittevernreglane i forskrifta for Sula og Ålesund og seier at det er fleire som testar seg no. Då er det fleire ting å hugse på:

Dersom du får stadfesta smitte med PCR- test, skal du ikkje ta fleire testar. Er du smitta, skal du følge reglane for isolering. Dei du bur med - husstandsmedlemmar og tilsvarande nære, som for eksempel kjærast, skal i karantene. Som smitta kan du gå ut av isolasjon fem døgn etter symptomstart om du har vore feberfri utan bruk av febernedsettande medisin i 24 timar. Det kan vere nokre unntak. Sjå helsenorge.no eller Ålesund kommune sine heimesider for meir informasjon. Ta også gjerne kontakt med fastlegen din for vurdering av sjukdomsforløp og eventuelle trygderettar.  

Til toppen