Koronasmitte i Ålesund

Smittesituasjon i veke 1

Dette er status for smitte, utbrot, vaksinasjon, vurdering av smittesituasjonen og pågåande aktivitet for 3. – 9. januar 2022.

Smitta

Det er totalt 250 bekrefta smittetilfeller for veke 1. Smittenivået er no noko lågare enn for siste veka i 2021, då det var 309 tilfelle.

Vi så allereie midt i veke 1 at det var klare indikasjonar på utflating av smittetilfelle i Ålesund.

Smittetilfelle fordelt på aldersgrupper

  • 0-5 år: 18 personar
  • 6-12 år: 29 personar
  • 13-19 år: 23 personar
  • 20-40 år: 112 personar
  • 41-64 år: 60 personar
  • 65+ år: 8 personar

Smittetilfelle fordelt på vaksinasjonsstatus .

  • Del- og uvaksinert: 70 personar
  • Fullvaksinert: 179 personar

Merk at det er ikkje alltid vaksinasjonsstatus er kjent, så desse tala kan avvike frå det totale antall smitta.

Utbrot

  • Helse- og omsorgsinstitusjonar:
    Det er enkelte spreidde tilfelle i kommunale institusjonar.
  • Skolar og barnehagar:
    • Smitteutbrudd ved ein ungdomsskule i kommunen.
    • Spredte tilfelle elles i skolane.
    • Screeningtesting før skolestart gav 14 positive prøvar (korrigert frå 13 jfr. førre rapport).

Vaksinar

88,9 % av alle over 16 år busette i Ålesund kommune har fått 2. dose.

Desse har fått tredje dose som oppfriskningsdose:

  • 38,6 % av alle i aldersgruppa 45-54 år
  • 54,4 % av alle i aldersgruppa 55-64 år
  • 89,1 % av alle i aldersgruppa 65-74 år
  • 94,7 % av alle i aldersgruppa 75-84 år
  • 84,3 % av alle i aldersgruppa over 85 år
  • Helsepersonell, mellom anna tilknytta legevakt, sjukeheim og legekontor

For meir informasjon om bestilling, drop-in og elles informasjon om vaksinasjonen i kommunen sjå alesund.kommune.no/koronavaksine.

Vurdering av smittesituasjon og pågåande aktivitet

  • Det er registrert ein nedgang i tal på registrerte smitta med19 prosent sidan førre rapporteringsperiode (309 mot 250). Smittetrenden er flat.
     
  • Dei fleste smittetilfella ser ein framleis i aldersgruppa 20 - 40 år. Andelen går ytterlegare opp frå førre rapporteringsperiode og denne gruppa står no for 45 % av smittetilfella, mot 43 sist. Smitteandelen i skolealder (6 - 19 år) er relativt stabil og utgjer ca. 20 % av totalsmitta.
     
  • Ein ser raskare spreiing med kortare inkubasjonstid (tid frå smitta til klinisk sjukdom) no, og dette er samanfallande med auka andel omikronsmitte.
     
  • Testaktiviteten er framleis låg. Når vi ser at ein aukande del av testane er positive, kan det indikere ein del skjult smitte.
     
  • 14 positive hurtigtestar etter skolestartscreening var lågare enn antatt. Like fullt har det hatt betyding for å redusere smittespreiing ved oppstart. Totalt har nærare 300 blitt råka av karantenekrav etter ferien.
     
  • Smittesporingsteamet har registrert at fleire lèt vere å melda inn sine positive hurtigtestar. Dette fører til risiko for ukontrollert smittespreiing og er òg uheldig for den enkelte som er smitta:
  • Kommunen følgjer situasjonen nøye. Det er tilfredsstillande å sjå at smittetrenden har snudd og at smittetalet no er stabilt. Ein kontrollert låg til moderat smitta, som ikkje overbelastar samfunnsfunksjonar og helsevesen er formålstenleg.
     
  • Vaksinetilbodet er godt. Vaksinar er den einaste forsikringa mot alvorleg forlaup av Covid-19 og uvaksinerte utan tungtvegande medisinske grunnar til ikkje å ta vaksine, bør med omsyn til si eiga helse ta vaksine no.
     
  • Ålesund sjukehus har saman med Molde sjukehus ein regional funksjon for behandling av personar med Covid-19. Samla har sjukehusa pr 09.01.22,  7 pasientar med covid 19 inneliggende. Sjå oppdatert informasjon om situasjonen på sjukehusa på nettsidene i helseføretaket. Det lokale helseføretaket vårt har vært i gul beredskap sidan medio desember 2021.

Gjeldande reglar

Ålesund kommune har framleis lokal forskrift som varer til 12.01.22 kl. 12.00. Det blir i Ålesund, Sula og Giske ikkje gitt unntak frå karanteneplikt for personar under 18 år

Nasjonalt gjeld reglar og råd som finst på Koronavirus - helsenorge.no

Pressemelding om smittetal og vaksinar blir sendt ut vekentleg som fast rutine. Neste oppdatering skjer måndag 17.01.22. Daglege smittetall og utvikling kan elles følgjast via VG: Coronaviruset: Status i Ålesund kommune og Noreg (vg.no)

Til toppen