Koronasmitte i Ålesund

Ny smittetopp i Ålesund, omikron sterkt aukande

Smittetala for Ålesund er no høge og stigande. Vi må derfor minne om å følgje smittevernreglane, og halde seg heime og teste seg om ein kjenner symptom.

- Vi skil oss frå landsgjennomsnittet med ein kraftig stigande vekst, seier Alexander Wiig, kommuneoverlege og fagsjef ved legevakta i Ålesund.

Frå måndag til onsdag var talet på smitta kome opp i 200.

- Dette er ei fordobling samanlikna med førre vekes midtveketal. Frå teststasjon og smittesporing rapporterer dei at smittetalla stig, og omikronsmitta brer om seg, fortset Wiig. Han legg til at det no spesielt er unge vaksne i aldersgruppa 20 – 40 år som skil seg ut i statistikken.

Følg smittevernreglane

No går vi inn i ei nyttårshelg der folk ønsker å ha sosiale samlingar. Vi ser at det gjerne er i samankomstar i familie eller med vennegjengen at smitta no har fått spreie seg. Omikron smittar veldig lett, så no er det ekstra viktig å følgje smittevernreglane.

Hugs spesielt på å:

  • Halde avstand.
  • Bruke munnbind når du ikkje kan halde avstand.
  • Ha få nærkontaktar.

Sjølv om det er lov å ha maks 10 gjestar på sosiale sammenkomster, og på éin dag i jule- og nyttårshøgtida ha 20 gjester, er det best å halde forsamlingar med færrast mogleg akkurat no.

Sjå oversyn over reglar og oppmodingar (Helsenorge.no)

Test deg

- Vi ser fortsatt at det er låg testaktivitet i høgtida, noko som gjev grunn til å anta at den skjulte smitta er stor. Vi minner derfor om at alle bør teste seg og halde seg heime dersom ein får symptom på korona, seier Alexander Wiig.

Det er god kapasitet på teststasjonen på Åse no. Der er det ope alle dagar, bortsett frå 1. nyttårsdag.

Les meir om testing og sjå opningstidene.

Til toppen