Koronasmitte i Ålesund

Koronasmitte i Ålesund

Vi er inne i ein periode med smitte. Smittetal vil bli oppdatert kvar dag på heimesida og dersom det kjem eit større utbrot eller ein klar generell auke i smittetal vil det bli informert om.

Folkehelseinstituttet si side fhi.no, og VGs tal viser óg dei som oppheld seg ein annan stad i landet, men som har registrert bustadadresse i Ålesund.  Desse tala vil derfor vere høgare.

Mandag 8. november fekk Ålesund kommune meldt 13 personar som er bekrefta smitta med koronavirus. I tillegg fekk vi meldt inn eit stort antall positive hurtigtestar som vi ventar blir bekrefta i løpet av dei nærmaste dagane.

Ålesund kommune har hittil i dag måndag 8. november fått bekrefta tre positive koronatilfelle med PCR-testing. Vi har i tillegg fått meldt fleire positive hurtigtestar. Desse skal stadfestast med PCR-test og vil kome med på smitteoversikt tysdag eller onsdag denne veka.

I veke 44 blei det totalt registrert 94 smittetilfelle i Ålesund. I tillegg er det gjennom eige testopplegg påvist 7 smittetilfelle tilknytta Vard.

Ålesund kommune fekk meldt inn til saman 20 bekrefta tilfella av koronasmitte i går, torsdag 4. november. Hittil i dag, fredag, har kommunen fått inn 9 bekrefta tilfelle.

Ålesund kommune fekk tysdag kveld  meldt ytterlegare 5 nye smittetilfelle i tillegg til dei 15 vi melde tidlegare på dagen. Totalt vart det registrert 20 smitta tysdag 2. november.

Onsdag 3. november fekk kommunen stadfesta 16 smittetilfelle. Smittesporing og varsling etter gjeldande reglar er gjennomført.

Ålesund kommune har så langt i dag tysdag 2. november fått stadfesta smitte med koronavirus hos 15 personar.

Under finn du ei oversikt over talet på smitta i Ålesund frå perioden april 2020 og fram til oktober 2021. Smittetall vart meldt dagen etter.

Til toppen