Koronasmitte i Ålesund

Koronasmitte i Ålesund

Vi er inne i ein periode med smitte. Smittetal vil bli oppdatert kvar dag på heimesida og dersom det kjem eit større utbrot eller ein klar generell auke i smittetal vil det bli informert om.

Folkehelseinstituttet si side fhi.no, og VGs tal viser óg dei som oppheld seg ein annan stad i landet, men som har registrert bustadadresse i Ålesund.  Desse tala vil derfor vere høgare.

Ålesund kommune fekk søndag 28. november meldt 9 nye smittetilfelle.

Ålesund kommune fekk fredag 26. november meldt 30 nye smittetilfelle og laurdag 27. november vart det meldt 9 nye.  Det er til saman 39 smitta fredag og laurdag.

Ålesund kommune fekk torsdag 25. november meldt inn 32 nye smittetilfelle.

46 smitta i Ålesund kommune onsdag 24 . november. Kommuneoverlegen ber folk om å lese kva reglar som gjeld for testing.

Ålesund kommune fekk tysdag 23. november stadfesta 43 nye smittetilfelle og fekk meldt inn 16 positive hurtigtestar. Dei fleste av dei bekrefta smitta hadde tidlegare fått påvist positiv hurtigtest. 

Ålesund kommune fekk måndag 22. november meldt 37 bekrefta smitta med koronavirus. Dei aller fleste av desse hadde på førehand testa positivt på hurtigtest gjennom helga. I tillegg er det meldt inn i underkant av 30 positive hurtigtestar.

Søndag 21. november fekk Ålesund kommune inn 5 positive PCR-testar. Fleire hurtigtestar var også positive.

14 smittetilfelle laurdag 20. november

Ålesund kommune fekk meldt 35 nye smittetilfelle av koronavirus fredag 19. november.

 

Ålesund kommune fekk meldt 38 nye smittetilfelle av koronavirus torsdag 18. november.

Til toppen