Koronasmitte i Ålesund

43 smitta i Ålesund tysdag 23. november

Ålesund kommune fekk tysdag 23. november stadfesta 43 nye smittetilfelle og fekk meldt inn 16 positive hurtigtestar. Dei fleste av dei bekrefta smitta hadde tidlegare fått påvist positiv hurtigtest. 

Alderssamansetting: 

•    21 (under 18 år)
•    17 (mellom 18 og 65 år)
•      5 (over 65 år)
Omtrent halvparten av dei smitta er vaksinerte. 

For 3 av dei smitta er smittevegen ukjend medan resten har kjend smitteveg.
Det er ikkje påvist smitte ved innreise. 

Kommuneoverlege Olav Mestad seier at det er fleire som testar seg no:

-    Testaktiviteten er no aukande etter at det vart innført nye karantenereglar for husstandsmedlemmer og tilsvarande nære. Dette medfører at vi oppdagar fleire smittetilfelle og gjennom det har håp om å avgrense smittevegane. Mange er no flinke til å bruke munnbind i kollektivtrafikk og andre stader der folk samlast. 

-    Det er viktig at også ungdom finn fram igjen munnbindet og brukar det på bussen, i butikkane og andre stader der det er vanskeleg å halde avstand. 

Kommuneoverlegen minner også om at det i Ålesund er plikt til å bruke munnbind i butikkar, i fellesareal på kjøpesenter og på kollektivtransport når det ikkje er mogleg å halde minst ein meters avstand.
 

Til toppen