Viktig informasjon om korona

Ålesund kommune følger nasjonale råd og reglar. Vi anbefaler samtidig til bruk av munnbind klarer du ikkje halde meteren og maks 10 i eigen heim. Vi har samla alt du treng å vite om koronasituasjonen i kommunen vår. På samlesida finn du oppdaterte smittetal, korleis du bestiller koronatest og påmelding til vaksinering.

Alt om korona | Information about corona in other languages

Koronareglar for serverings- og skjenkestader

Koronaregler for serverings- og skjenkestader

Serveringsstader, som restaurant, kafe, bar og pub, og utestader, kan holde ope dersom drifta er smittevernfagleg forsvarleg.

Det inneber at verksemda skal sørge for at gjester og tilsette kan halde minst éin meters avstand til personar i annan husstand, at den har utarbeidd rutinar for god hygiene og godt reinhald, og at desse rutinane vert fylgd. Når det ikkje er mogleg å halde minst ein meters avstand skal du bruke munnbind, slik det går fram av vår lokale forskrift § 10.

Her kan du lese dei nasjonale reglane som gjeld frå og med fredag 16.april.

Les meir på Helsedirektoratet si nettside 

Registrering av gjester 

For å lette smittesporing anbefaler vi alle serveringsstader å registrere kontaktopplysninger til dei gjestene som samtykkjer til det. Dette er eit krav i Covid 19-forskriften § 14a for serveringsstader som har skjenkebevilling  

Det er tilstrekkeleg å registrere opplysningane til éin person i kvar gruppe. Serveringsstaden skal likevel oppfordre til at flest mogleg registrerer kontaktopplysninger.  

Med kontaktopplysningar meiner ein informasjon som gjer det mogleg å komme i kontakt med gjesten, til dømes telefonnummer. Serveringsstaden skal og registrere dato og tidspunkt for besøket, og om mogleg plassering i lokalet. Kontaktopplysningane skal berre brukast for å hjelpe kommunen ved ei eventuell seinare smitteoppsporing etter smittevernlova § 3-6. Ved førespurnad skal opplysningane utleverast til dette føremålet.  

Kontaktinformasjon som namn og telefonnummer er personopplysningar. Datatilsynet gir rettleiing om forståinga av personvernregelverket, og har publisert ein artikkel om besøksregistrering og smittesporing (datatilsynet.no). Der fins informasjon om kva for personvernreglar som gjeld for slik registrering. 

Opplysningane skal oppbevarast forsvarleg og slettast etter 14 dager. Serveringsstaden skal informere den som vert registrert om føremålet med registreringa og kor lenge kontaktinformasjonen vert oppbevart. For meir informasjon om reglar for registrering kan du lese på regjeringen sine nettsider.  

Kontroll  

Ålesund kommune vil gjennomføre rettleiande kontroller for å sjå til at krav til hygiene og avstand vert etterlevd.

Reaksjoner ved brot på retningslinene

I høve dei særskilde reglane for serverings- og skjenkestader etter Covid-19 forskrifta med tanke på smittevernforsvarleg drift, samt innskrenkingar i opnings-/skjenketider, vil Ålesund kommune sette i verk fylgjande reaksjonar ved brot på retningslinene:

  • 1. gongs avvik:  Skriftleg åtvaring.
  • 2. gongs avvik:  Stenging i ei veke og krav om oppdaterte skriftlege smittevernrutinar før opning att.

Heimel:

Ut frå ei naturleg forståing av alkoholforskrifta § 10-1 har kommunen ikkje mynde til å sanksjonere brot på føresegner gjevne i Covid-19-forskrifta (§ 14a, femte ledd) etter reglane om prikktildeling og inndraging, fordi føresegnene om opphøyr av skjenking ikkje spring ut av alkohollova. Brot på føresegnene i forskrifta må i staden handhevast og sanksjonerast i samsvar med reglane i smittevernlova.

Meir informasjon

Til toppen