Koronaviruset

På vår temaside om koronavirus  finn du siste informasjon om koronaviruset, tiltak vi gjer i kommunen og kva dette betyr for deg. Information about corona in other languages.

Karantenereglar

Karantenereglar

Frå fredag 27. mars opphevde  Ålesund kommune dei lokale restriksjonane på innreise som har vore sidan 20. mars. Det er ikkje lenger påkrevd med 14 dagar heimekarantene om du til dømes kjem frå Oslo til Ålesund.

Sårbare risikogrupper

Følgande grupper er rekna for å vere i risikogruppa for alvorleg sjukdom ved koronasmitte. 

  • Alder ser ut til å være den tydelegaste risikofaktoren for alvorleg forløp av covid-19. Risikoen aukar med aukande alder, spesielt hos personar over 65 år.
  • Personar med hjarte- og karsjukdom (inkludert høgt blodtrykk) og diabetes er overrepresentert blant pasientar med alvorleg forløp.
  • Andre grunnsjukdommar som gir nedsett lungefunksjon, og personar som har svekt immunforsvar på grunn av sjukdom eller medikament, kan ha auka risiko for alvorleg forløp av covid-19.
  • Det er sannsynleg at auka risiko blir forårsaka av alder, grunnsjukdom eller ein kombinasjon av begge. Hos yngre personar med velregulerte grunnsjukdommar blir det anteke at risikoen er avgrensa.

Grupper med auka risiko for alvorleg forløp av covid-19:

  • Alder over 65 år
  • Hjarte- og karsjukdom (inkludert høgt blodtrykk)
  • Diabetes

Grupper som kan ha auka risiko for alvorleg forløp av covid-19

  • Overvekt/fedme
  • Betydelig nedsett lungefunksjon
  • Nevrologiske sjukdommar eller muskelsjukdommar som medfører nedsett hostekraft eller lungefunksjon
  • Medfødt immunsvikt i ustabil fase som medfører risiko for alvorlege luftvegsinfeksjonar
  • Blodsykdommer som omfattar celler eller organ som er viktige for immunforsvaret
  • Benmargstransplantasjon eller organtransplantasjon
  • Immundempende behandling som cellegift, strålebehandling og dessutan immundempende behandling ved autoimmune sjukdommar
  • HIV-infeksjon med lågt CD4-tal
  • Betydelig nedsett nyrefunksjon
  • Betydelig nedsett leverfunksjon  

Sjå meir om risikogruppene på helsenorge.no

Oppheving av lokale karantenereglar frå 27. mars

 

Ålesund kommune opphever lokale karantenereglar frå fredag 27. mars

Dermed er det ikkje lenger nødvendig at dei som kjem til Ålesund kommune frå fylka Oslo, Agder, Rogaland, Viken, Vestfold og Telemark, Innlandet og Vestland skal i heimekarantene i 14 dagar etter dei kjem til Ålesund.

Har du kome frå Sør-Noreg til Ålesund i løpet av dei siste 14 dagane, kan du dermed avbryte karantenen.

Andre karantenereglar kan gjelde for deg

Førestninga for å unngå eller avbryte heimekarantenen, er at du føler deg heilt frisk. Dersom du har symptom på luftvegsinfeksjon (til dømes hoste, feber, tung pust) skal du halde deg heime til ein dag etter at du har blitt frisk. Har du vore på utanlandsreise dei siste 14 dagane, eller hatt nærkontakt med nokon som har fått påvist Covid-19, skal du framleis vere i heimekarantene.

 

Karantenereglar for personar som kjem til Noreg frå utlandet

Personar som kjem til Noreg, skal opphalde seg i heimekarantene i 14 dagar etter tilkomme til Noreg.

Ein person i heimekarantene skal opphalde seg i eigen heim eller anna eigna tilhaldsstad. Personen kan berre opphalde seg utanfor heimen eller tilhaldsstaden såfremt nærkontakt med andre personar blir unngått. Med nærkontakt blir meint kontakt med andre personar med mindre enn to meters avstand i meir enn 15 minutt, eller direkte fysisk kontakt.

Personar som i arbeidsforhold reiser mellom bustad og arbeidsstad, og i samband med dette kryssar grensene mellom Noreg, Sverige og Finland, er unntatt frå karanteneplikt når dei reiser til og frå arbeid.

Personar som er strengt nødvendige for å kunne halde oppe forsvarleg drift av kritiske samfunnsfunksjonar og ta vare på det grunnleggande behovet til befolkninga, herunder personar som gjennomfører vare- og passasjertransport, er unntatt frå karanteneplikt når dei er i arbeid eller reiser til og frå arbeid. Bruk av unntaket skal avklarast med verksemdsleiinga.

Personar som er unntatt karanteneplikt skal så langt som mogleg unngå nærkontakt med andre personar.

Personar i heimekarantene etter utanlandsreise skal i tillegg til karantenetida isolere seg heime til minst eitt døgn etter at dei er frie for symptom viss dei i karantenetida utviklar feber eller symptom på luftvegsinfeksjon. Dei skal ta telefonisk kontakt med lege viss sjukdommen blir forverra, eller om dei treng helsehjelp.


Sjå Covid-19-forskriften for alle reglane om karantene.

Nasjonale karantenereglar

Om heimeisolering og heimekarantene

Heimeisolering betyr:

Heimeisolering betyr at du skal halde deg heime. Du skal ikkje sjølv gå i butikk eller liknande. Legen skal i samråd med kommunelegen vurdere kven som skal hjelpe deg med nødvendige innkjøp. Avhengig av kva situasjon du er i, kan det vere ein nabo eller andre, til dømes heimetenesten. Dette gjeld for alle med mistenkt eller bekrafta koronasmitte heilt til dei som er smitta blir friskmeld av lege. 

Ta telefonisk kontakt med lege viss sjukdommen din blir forverra (t.d. dersom du får pustevanskar). Les om heimeisolering på Folkehelseinstituttet sin nettstad.

Heimekarantene betyr:

Å vere heime og ikkje ha kontakt med andre enn dei du bur saman med. Gjeld for alle som har hatt kontakt med koronasmitta, men som ikkje sjølv er sjuke, karantena varer i 14 dagar frå siste kontakt.

Heimekarantene gjeld også dei som kjem til Noreg frå utlandet.

  • Du skal vere mest mogleg heime og unngå kontakt med andre enn dei du bur saman med. Du kan gå ut av din eigen heim, men du skal unngå nærkontakt med andre.
    Nærkontakt  betyr kontakt med andre personar med mindre enn to meters avstand i meir enn 15 minutt, eller direkte fysisk kontakt.
  • Du skal ikkje gå på jobb eller skole.
  • Du skal unngå lengre reiser.
  • Du skal ikkje ta offentleg transport.
  • Du skal unngå offentlege stader der det er vanskeleg å halde avstand. Om heilt nødvendig kan du gjennomføre ærend på butikk eller apotek viss du sørger for å unngå nærkontakt med andre og tar vare på god handhygiene før besøket.
  • Du skal være årvaken på utvikling av feber eller symptom på luftvegsinfeksjon. Viss du får noko av dette, skal du isolere deg heime. Viss du treng helsehjelp, ring legen og informer om at du er i heimekarantene. Les meir om heimekarantene på Folkehelseinstituttets sider.

Desse skal halde seg heime

  • Alle som har symptom på forkjøling skal halde seg heime. 
  • Dei som har time hos lege, men har symptom som rennande nese, sår hals, hoste eller feber må ikkje møte til timen, men ta kontakt med legekontoret på telefon. Det er også mogleg for pasientar å ta kontakt med legen via nettsida helsenorge.no
  • Du mistenker at du kan vere smitta
  • Du har fått bekrefta at du er smitta
  • Du er bekrafta sjuk av koronavirus (Covid-19), men treng ikkje å bli lagt inn på sjukehus
  • Du har hatt nær kontakt med ein som er bekrefta smitta, eller ein du bur saman med er bekrefta smitta ("nær kontakt" betyr kontakt med andre personar med mindre enn to meters avstand i meir enn 15 minutt, eller direkte fysisk kontakt). Karantena skal vare i 14 dager får den dagen kontakta skjedde.
  • Du har vore på reise utanlands og skal vere i karantene i 14 dagar får den dagen du kom hjem. Frå 17. mars gjeld dette også reiser frå Sverige og Finland, men utan tilbakevirkande kraft.

Kva gjer eg om eg har symptom

  • Personar med mildare symptom etter reise, treng ikkje kontakte lege.Dersom de har behov for akutt helsehjep, må de ringe fastlegen eller legevakt på 116117 om fastlegen ikkje er tilgjengeleg.
  • Du bør halde deg heime eitt døgn etter at du er blitt symptomfri. Medan du er heime, skal du vere nøye med hand- og hostehygiene for å unngå å smitte andre i husstanden.
  • Personar som er i karantene som utviklar forkjølelsessymptom som hoste, feber eller tung pust, skal halde seg i isolering frå symptoma kjem til sju dagar etter symptoma er forsunne.
  • Helsepersonell kan gå på jobb som normalt, sjølv om dei har husstandsmedlemmer med luftvegsinfeksjon som ikkje er testa for eller har fått påvist koronasmitte (covid-19).
  • Regjeringa har fra 15. mars 2020 vedtatt lov som kan forby innbyggarane å vere på hytte og fritidseigedommar utanfor eigen kommune. Karantene og isolasjon skal skje i heimen og ikke på hytta eller på fritidseigedomen.
Til toppen