Koronavirus

Karantenehotell

Karantenehotell ved innreise

Kjem du reisande frå utlandet utan fast og eigna bustad i Norge må du bu på karantenehotell i 10 dagar. Giske og Ålesund kommune har etablert karantenehotell for reisande som kjem til Vigra på Aalesund Airport Hotell, og Scandic Parken hotell.  Forutsett at det er kapasitet, veljer du sjølv kva karantenehotell du vil bu på. 
 

Krav om negativ test ved innreise til Noreg


Kjem du til Noreg frå utlandet, må du vise dokumentasjon på negativ koronatest. Testen må vere tatt innan 72 timar før innreise. Dersom du ikkje viser ein slik test, kan du bli nekta innreise. Godkjent testmetode på testen er PCR eller hurtigtest (antigen). Attesten skal vere på norsk, dansk, svensk, engelsk, fransk eller tysk.

Det er ein rekkje unntak frå negativ test ved innreise. Sjå heile lista for unntak av testkrav i Covid-19 forskrifta.  


Kven bestemmer kor du skal bu i karantenetida?  

Det er politiet som avgjer kven som skal bu på karantenehotell, og kven som har anna godkjent buststad for karantene.  

Reisande til Vigra via Gardermoen, blir stoppa av politiet på Gardermoen. Ein får reise vidare til Vigra, dersom det er ledig karantenehotell i Giske eller Ålesund. 
 


Oppfølging av dei som er på karantenehotell

Kommunen tilbyr testing av dei som er på hotellet i karanteneperioden. Sjølv om ein testar negativt, skal ein likevel bu på karantenehotellet i ti dagar. Dersom du testar positivt skal du i isolasjon. Bur du allereie på karantenehotell, skal du vere i isolasjon på karantenehotellet. 


Kven betalar?

Personar som er på karantenehotell må betale ein eigenandel for opphaldet. Eigenandelen er på 500 kroner per døgn for privatpersonar og 1 500 kroner per døgn for arbeidsgivarar. Resten av utgiftene vil bli dekka av staten. Les meir om karantenehotell på regjeringa si nettside.
 

Meir informasjon: 

Les om Giske kommune sitt karantenehotell

Regjeringa sine sider om karantenehotell

Helsedirektoratet sine sider for dei som kjem til Noreg frå utlandet

 

 

Til toppen