Karantene og nærkontakt

Karantene og nærkontakt

Karantene

Du skal vere i karantene i 10 døgn dersom du kjem Noreg frå eit raudt land, eller har vore nærkontakt til ein stadfesta smitta person. Les meir om karantenereglane på helsenorge.no.

Nedkorta innreisekarantene ved to negative testar

Gjeldande frå klokka 08.00 29. desember.

Regjeringa har, med anbefaling frå Helsedirektoratet og FHI, bestemt å korte tida i innreisekarantene dersom personen som kjem til Noreg kan dokumentere to negative testar i karantenetida.

Første test må vere tatt innan tre dagar etter at ein kjem til landet. (covid-19 hurtigtest eller PCR-test). Andre test må vere ein covid-19 PCR-test som tidligast kan takast sju dagar etter at ein kom til landet. Karanteneplikta gjeld fram til det siste negative prøveresultatet er klart.

Unnataket gjeld ikkje for dei som har vore i Storbritannia dei siste fjorten dagane før dei kom til Noreg.

Sjå meir informasjon på regjeringen.no 

Reisekarantene

Reiseregistreringsskjema for personer som reiser til Noreg og stadfesting på egna opphaldsstad for gjennomføring av karantene. 

Les meir om reisekarantene her.

Testing i karantene

Vi rår alle som er i karantene til å teste seg. Det bør gå fem dagar etter at du vorte eksponert for smitte, før du tar ein test. Årsaka er at det er det mindre sjanse for at testen viser riktig resultat før dag fem.

Sjølv om du har fått ein negativ koronatest, må du fullføre karanteneperioden på 10 døgn.

Kva er ein nærkontakt?

Du er nærkontakt viss du har hatt mindre enn to meter avstand i meir enn 15 minutt, eller direkte fysisk kontakt med ein som er stadfesta smitta av korona. Til dømes handhelsing eller klemming. 

Nærkontaktar skal i karantene i 10 dagar frå den dagen dei hadde kontakt med den smitta. Når du er i karantene, skal du heller ikkje oppsøke andre personar som er i karantene. Les meir om karantenereglane på helsenorge.no.

Kvifor skal barnet mitt i karantene, og ikkje vi som er foreldre? 

Det er berre den personen som har vore i nærkontakt med ein smitta som skal i karantene. Med andre ord, viss barnet ditt har vore i nærkontakt med ein som er smitta, skal barnet ditt vere i karantene. Du som forelder skal ikkje vere i karantene så lenge du ikkje har vore i nærkontakt med den smitta og når barnet ditt ikkje har symptom på korona. 

Følg med på kven du er i nærkontakt med 

Arbeidet med smitteoppsporing er viktig og krevjande. Det kan vere vanskeleg å hugse kven ein har vore i nærkontakt med. For å hjelpe smittevernteamet oppmodar vi alle til å notere ned kven dei har vore i nærkontakt (mindre enn to meter avstand i meir enn 15 minutt) med gjennom dagen.

Til toppen