For tilsette

Avbestille/endre tenestereise pga koronavirus

Kommunalt tilsett skal berre utføre heilt nødvendige tenestereiser.

Bestill reise: 

Kommunen har avtale med Berg-Hansen på bestilling av reiser.

Ein kan bestille reise via online-løysing, app eller reisebyrå. Ein skal som hovudregel nytte online-løysing eller app.

Kommunen sine avtalar og avtaleprisar på hotell og leigebil, er lagt inn i Berg-Hansen sine løysingar.

Opprette profil:

Tilsette som ikkje har profil, kan sende e-post til bestilling.nv@berg-hansen.no og be om å få brukarnamn og passord.

I e-posten må ein oppgi:

  • namn 
  • e-post
  • telefonnummer 
  • avdeling/verksemd 
  • Det er også ein fordel å legge til fødselsdato, med tanke på ungdomsbillettar.

Kontaktinformasjon reisebyrå:

Meir informasjon om avtalen finn du i kommunen sine avtalelesar.

Til toppen