Kva gjeld for tilsette i Ålesund kommune?
Tilsette i kommunen skal halde seg til dei same restriksjonane som er gjeld befolkninga elles. Ålesund kommune har per 23. september ikkje reglar for tilsette som er strengare enn dei nasjonale føringane.
Hald deg orientert
Vi ber tilsette om å følge med på desse nettsidene:
Rettar
Heimekontor
Reise
Ålesund kommune ber tilsette unngå tenestereiser utanfor fylket i tida framover på grunn av korona. Oppdatert 23. september 2020
Dette er dei interne retningslinjene for tenestereiser:
- Ingen tilsette skal reise på tenestereise til utlandet.
- Ålesund kommune ønsker at tilsette unngår tenestereiser utanfor fylket.
- Dersom tenestereiser utanfor fylket (i Noreg) er særs viktig å gjennomføre, må det takast opp med næraste leiar. Reisa må óg klarerast opp mot smittevernomsyn.
- Dette gjeld alle som har eit tilsettingsforhold i Ålesund kommune.
Sist endra12.01.2021 12.15